한국   대만   중국   일본 
Emmanuel Petit ? Wikipedia Hopp til innhald

Emmanuel Petit

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Emmanuel Petit
Petit i 2005
Personleg informasjon
Fullt namn Emmanuel Laurent Petit
Fødselsdato 22. september 1970 (53 ar)
Fødestad Dieppe i Frankrike
Høgd 187 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
Ar Lag Kampar ( Mal )
1988-1997 Monaco 222 (4)
1997-2000 Arsenal 85 (9)
2000-2001 Barcelona 23 (1)
2001-2004 Chelsea 55 (2)
Totalt 385 (16)
Landslag
1990-2003 Frankrike 63 (6)
* Seniorklubbkampar og mal berre telt for nasjonal liga

Emmanuel Laurent Petit ( fødd  22. september   1970 ) er ein fransk tidlegare fotballsspelar fra Dieppe som vart verdsmeister 1998 og europameister 2000 med Frankrike .

Klubbspel [ endre | endre wikiteksten ]

Petit var forsvarspelar i AS Monaco fra 1989 til 1997. Han var med a vinne den franske cupfinalen i 1991 og vart sa seriemeister i sin siste sesong med klubben. Sommaren 1997 vart han overført til London-klubben Arsenal FC , som da vart trena av Arsene Wenger, hans tidlegare sjef i Monaco.

I Arsenal vart Petit omskulert til defensiv midtbanespelar, ein posisjon han hadde resten av karrieren. I sin fyrste sesong hos Arsenal var han med pa a vinne dobbelt, da laget gjekk til topps i bade Premier League og FA-cupen . Etter tre ar i Arsenal flytta han til FC Barcelona , der han hadde ein suksessfattig sesong. Allereie sommaren 2001 var han tilbake i London, men da hos byrivalen Chelsea FC . Han vart etter kvart benkeslitar og la opp i 2004.

Landslagsspel [ endre | endre wikiteksten ]

Petit deltok i verdsmeisterskapane i fotball 1998 og 2002, og i europameisterskapen 2002. Under verdsmeisterskapen 1998 pa heimebane var han ein av dei store profilane pa det franske landslaget som tok landets fyrste VM-tittel. Han skara da sigersmalet i gruppespel-kampen mot Danmark , og i VM-finalen mot Brasil signerte han den siste malet i kampen, 3-0-malet. I tida 1990-2003 aksla Petit den franske landslagdrakta 63 gongar, og skara seks mal.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]