Emmanuel Macron

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Emmanuel Macron

Fødd 21. desember 1977 (46 ar)
Amiens
Statsborgar av Frankrike
Parti Renaissance (april 2016) , Parti socialiste (2006; 2009) , partilaus (2009; 2016)
Yrke investeringsbankmann , statsmann , funksjonær , politikar
Institusjonar Rothschild & Cie Banque
Utdanna ved Ecole nationale d'administration
Sciences Po
Lycee Henri IV
Universite Paris-Nanterre
La Providence
Mor Francoise Nogues
Far Jean-Michel Macron
Ektefelle Brigitte Macron
Medlem Commission pour la liberation de la croissance francaise
Fondation franco-americaine
Alle verv
  • Frankrikes president (2017–)  Sjå dette på Wikidata

Emmanuel Jean-Michel Frederic Macron (fødd  21. desember 1977 ) er ein fransk politikar som har vore president i Frankrike sidan 14. mai 2017 og samfyrste av Andorra . Han er grunnleggjar av partiet La Republique en Marche , som fekk absolutt fleirtal i den franske nasjonalforsamlinga i juni 2017. Han vart attvald ved presidentvalet i 2022 med 58,5 % av stemmene mot Marine Le Pen fra det høgrepopulistiske partiet Rassemblement National . [1]

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Macron er fra Amiens i Nord-Frankrike, der gjekk han pa ein privat katolsk skule fram til han flytta til Paris og avslutta skulegangen ved den prestisjefylte skulen lycee Henri-IV. Dinest gjekk han pa eliteskulen Sciences Po , samstundes som han au tok ein grad i filosofi ved universitetet Paris-Nanterre i 2001. Fra 2002 til 2004 studerte han ved ein annan eliteskule, Ecole Nationale d’Administration (ENA), der fleire tidlegare franske presidentar au har studert. [1]

Macron saman med Brigitte Macron i 2018.

Som student yrkte han tett med filosofen Paul Ricœur , og da Macron vart utseksaminert yrkte han blant anna i investeringsbanken Rothschild. I 2007 gifta Macron seg med den 24 ar eldre Brigitte Macron (tidlegare Trogneux), [2] som au var læraren hans pa vidaregaande. Dei har ingen felles barn. [1]

Politisk karriere [ endre | endre wikiteksten ]

Macron hadde aldri vore folkevalt før han vart valt til president, og gjorde politisk kometkarriere etter a ha vorte headhunta av daverande president Francois Hollande fra Sosialistpartiet som radgjevaren hans i 2012. Han var ein del av regjeringa til statsminister Manuel Valls fra august 2014 til august 2016. [1]

Macron var fra august 2014 til august 2016 næringsminister i sosialistregjeringa til Valls II under president Francois Hollande . I april 2016 danna Macron den politiske rørsla En Marche! , som vert forkorta med hans initial (EM). November same aret gjorde han det kjent at han ville vera kandidat ved det franske presidentvalet 2017, med eit sjølvstendig program og utan stønad fra dei etablerte partigrupperingane. Ifylgje Macron representerer han korgje venstre eller høgre i fransk politikk, og vert difor rekna som ein sentrumspolitikar. [1]

Presidentvalet 2017 [ endre | endre wikiteksten ]

Han stilte som uavhengig kandidat for den politiske rørsla si under valet i april 2017. Macron fekk 24,01 % av stemmene i fyrste valrunde av presidentvalet 23. april 2017, flest av alle presidentkandidatane. I den andre valrunden 7. mai 2017 fekk han 66,1 % av stemmene, motkandidaten Marine Le Pen fekk 33,9 som var leiar for det høgrepopulistiske partiet Front National (som seinare endra namn til Rassemblement National ). Macron vart dimed den yngste franske presidenten nokon gong. [1]

Valet av Macron og det pafylgjande valet til nasjonalforsamlinga i juni 2017 vart rekna som eit politisk jordskjelv i Frankrike. I samband med valet til nasjonalforsamlinga vart rørsla En Marche! gjort om til eit politisk parti, som fekk namnet La Republique en Marche (LREM). Det nye partiet fekk absolutt fleirtal i nasjonalforsamlinga og hadde ei rekkje unge og uerfarne folkevalte. Partiet har ein tydeleg posisjon i sentrum av det politiske landskapet i Frankrike. Fleire politikarar fra bade Sosialistpartiet og høgrepartiet Les Republicains melde overgang til partiet til Macron, eller gjekk inn i apparatet rundt han, som blant anna dei to statsministerane under hans fyrste presidentperiode, Edouard Philippe og Jean Castex. [1]

Presidentvalet 2022 [ endre | endre wikiteksten ]

Under presidentvalet i 2022 fekk Macron 27,8 % av stemmene i fyrste valrunde 10. april. Hans motkandidat fra 2017, Marine Le Pen, kom nok ein gong pa andreplass, med 23,1 prosent, med venstrepopulisten Jean-Luc Melenchon fra La France insoumise (Det ukuelege Frankrike) hakk i hæl med 21,9 %. Andre valrunde vart difor ein reprise av duellen fra 2017. Trass i at Marine Le Pen gjennomførte ein god valkamp, presterte betre i fjernsynsdebatten mot Macron og nærma seg sin motstandar pa enkelte malingar, klarte ho ikkje a sla han i siste og avgjerande runde. Macron vann med 58,5 % av stemmene, mot Le Pens sine 41,5. [1]

Ved parlamentsvalet i juni 2022 missa Macron sitt absolutte fleirtal i nasjonalforsamlinga. Hans valallianse Ensemble! (Saman!) fekk relativt fleirtal med 245 av 577 representantar. [1]

Innanriks [ endre | endre wikiteksten ]

Tidlegare franske presidentar har hatt i somme kommentatorar sine augo manglande vilje, styrke eller mot til at reformera det franske samfunnet, men Macron har skild seg ut, ettersom arbeidsmarknaden, skattlegging, statsbaner, pensjon og høgare utdanning stod pa lista over omrade som han ville reformera. [3] Trass i at Macron lenge har insistert pa at han korgje er fra høgresida eller venstresida, er det liten tvil om at den politikken han har statt for sida i fyrste presidentperiode heller ganske tydeleg mot høgre, ikkje minst skattepolitikken. Dette har ført til at han har fatt merkelappen ≪dei rikes president≫ (le president des riches), [3] samstundes som han har auka oppslutnaden blant tradisjonelle høgreveljarar. Mange utanlandske verksemder ser au pa Frankrike som eit meir attraktivt land a investera i etter at Macron tok over som president. [1]

Den fyrste presidentperioden til Macron var prega av mange demonstrasjonar, streikar og protestrørsler, ikkje minst ≪dei gule vestane≫ ( le mouvement des gilets jaunes ), som byrja i november 2018, opphavleg mot ein varsla auking i drivstoffavgiftene. Macron svarte med a lansera Le Grand debat national , ein nasjonal samtale der alle i prinsippet skulle fa mogleik til a seia kva dei meinte om politikken til regjeringa. sjølv om opptøyane roa seg noko etter eit ars tid, heldt motstanden fram mot innanrikspolitikken til Macron igjennom heile hans fyrste presidentperiode, ikkje minst mot den planlagde pensjonsreforma. [1]

Den fyrste presidentperioden til Macron var dessutan prega av koronapandemien . Etter vanskar i byrjinga, med mangel pa munnbind og eit stort press pa sjukehusa, vart Macron likevel heidra for handteringa si av pandemien. Frankrike hadde til slutt ein vaksinasjonsgrad pa nærmare 80 %, trass i store protestar fra vaksinemotstandarar. I tillegg oppretta Macron gode støtteordningar til franske verksemder slik at dei skulle klara seg igjennom pandemien: Denne politikken vart kjend som ≪quoi qu'il en coute≫ ? koste kva det koste vil. [1]

Utanriks [ endre | endre wikiteksten ]

President Macron var i sin fyrste periode ein tydeleg skikkelse i internasjonal politikk. Han har vakt bade ovundring og irritasjon, men sjølv om resultata ikkje alltid har nadde ambisjonane, har han lagd ein klar og konsistent linje for fransk utanrikspolitikk og formulert ein ambisiøs og samanhengande visjon for Frankrike og Europa i verda. [3]

Emanuel Macron vart valt pa eit klart og tydeleg EU -positivt program, pa eit tidspunkt der alle dei andre kandidatane var sterkt EU-kritiske. Etter valet freista han a setja ein felleseuropeisk dagsorden, dels igjennom mange konkrete utspel om samarbeid innan industri, vitskap og kultur, og dels ved a gjenaktivera den fransk-tyske motoren i EU-samarbeidet. Det langsiktige malet var a skapa ein ≪europeisk suverenitet≫ og setja Europa i stand til at taka strategiske val og ikkje minst forsvara seg sjølv. Utfordringa til Macron var, at dei naudsynte partnarane, Storbritannia og Tyskland , var meir opptekne med nasjonale utfordringar i staden for. [3]

Macron i møte med Vladimir Putin den 7. februar 2022, rett før storskala invasjonen av Ukraina.

Jamvel om Macron har lage relativt lagt pa mange popularitetsmalingar, meiner eit fleirtal av franskmenn at han gjer ein solid innsats internasjonalt. Allereie i november 2017 utropte magasinet Time han til ≪The next leader of Europe≫ og han har markert seg som ein tydeleg og visjonær leiar i EU . Dette galdt ikkje minst da Frankrike hadde formannskapet i Radet for Den europeiske union fra januar til juni 2022. Da inntok Macron ein særs aktiv diplomatisk rolle i byrjinga av invasjonen av Ukraina i 2022 , og hadde som ein av fa statsleiarar laupande samband med bade den russiske presidenten Vladimir Putin og den ukrainske Volodymyr Zelenskyj . [1]

Macron skriv seg inn i den dominerande tradisjonen innan fransk diplomati, ≪gaullo-mitterrandismen≫, oppkalla etter to av dei mest betydningsfulle presidentane i Frankrike igjennom tidene ? Charles de Gaulle og Francois Mitterrand. Denne linja vert kjenneteikna av eit sterkt og uavhengig Frankrike, som er ein ven og alliert av USA, utan a underkasta seg Det kvite huset i for stor grad. Samstundes har Macron vore oppteken av verdiar som multilaterisme og globalt samarbeid og under Donald Trumps presidentperiode var Macron ein av fa statsleiarar som periodevis lykkast med a skapa nære diplomatiske band med den amerikanske presidenten. [1]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 Aukrust, Kjerstin; Løkeland-Stai, Espen: Emmanuel Macron i Store norske leksikon pa snl.no. Henta 15. mars 2024.
  2. Ray, M. ≪Emmanuel Macron≫ (pa engelsk). Encyclopedia Britannica . Henta 15. mars 2024 .  
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Boisen, Jørn: Emmanuel Macron i Den Store Danske pa lex.dk. Henta 15. mars 2024.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Emmanuel Macron