Elektronisk musikk
er
musikkformer
som framhevar lydbilde prega av elektronikk, som
elektroniske musikkinstrument
eller elektronisk
musikkteknologi
. Historisk har ein nytta omgrepet om all musikk skapt ved hjelp av
elektronikk
, men ettersom slike hjelpemiddel er blitt meir utbreidde i framføring og opptak av musikk, er det i nyare tid oftast musikk som legg særskilt vekt pa desse som blir kalla elektronisk.
[1]
Bade naturlege
lyd
og elektronisk generert lyd (til dømes
sinustonar
) kan vera utgangspunkt for elektronisk musikk. Desse kan registrerast
analogt
eller
digitalt
, og omarbeidast pa førehand (før framføring) eller i sanntid (samstundes som lyden blir spelt av). I dag har digital signalhandsaming erstatta spesialbygde elektroniske krinsar.
Estetiske forløparar til den elektroniske musikken kom allereie tidleg pa 1900-talet, med t.d.
Edgar Varese
og
futuristane
. Utviklinga skaut likevel ikkje fart før
Pierre Schaeffer
komponerte sin ≪støykonsert≫,
concert de bruits
, som vart sendt pa fransk radio i 1948. Omgrepet Schaeffer brukte om denne musikken var
musique concrete
- ('konkret musikk'). Noko seinare kom studioet ved kringkastingsstasjonen i
Koln
i gang med sin
elektronische Musik
, skapt av komponisten
Herbert Eimert
og fysikaren
Werner Meyer-Eppler
, seinare og komponisten
Karlheinz Stockhausen
. I
USA
brukte ein omgrepet
tape music
.
I Norden var komponistane
Bo Nilsson
og
Bengt Hambræus
dei fyrste, i Noreg var det
Gunnar Sønstevold
og
Arne Nordheim
. Produksjon av elektronisk musikk kravde store tekniske ressursar i byrjinga, og det vart oppretta ei rekkje studio for elektronisk musikk i fleire land, gjerne tilknytt kringkasting, universitet eller andre institusjonar.
Fra midten av 60-ara vart teknologien fra dei eldre elektrofonistudioa gradvis erstatta av
synthesizer
-teknikken, som etter kvart gjorde teknologien tilgjengeleg for fleire. Utviklinga innan digital lyd og datateknologi har forsterka denne prosessen veldig, slik at datastyrte synthesizerar (
MIDI
) og digitalisert (sampla) lyd er praktisk tilgjengeleg som komposisjonsverktøy i dag. Dette har ført til at ein ikkje har funne grunnlag for a oppretthalda den estetiske inndelinga av elektronisk musikk som ein hadde i 50-ara.
Allereie pa 60-talet tok rockeband som
Pink Floyd
til a nytta elektroniske instrument og effektar i latane sine, og den elektroniske musikktypen
hip-hop
voks fram fra 70-talet.
No som folk flest kan produsera denne musikktypen ved hjelp av
digital signalhandsaming
pa ei
personleg datamaskin
, har elektronisk musikk forgreina seg til eit stort mangfald. Ein kan kombinera elektronisk musikk med stemmar og instrument, eller laga elektronisk musikk utan andre analoge hjelpemiddel. Nokre døme pa sjangrar som har utvikla seg fra den elektroniske musikken er techno, dance og trance. Techno er altsa ein undersjanger, og tilsvarar ikkje omgrepet elektronisk musikk, slik mange trur.
Nokre norske artistar som spelar elektronisk musikk i ulike sjangrar er:
Royksopp
,
Galaxee
,
Kim Hiortøy
,
Il Caesar
,
Ralph Myerz and the Jack Herren Band
,
Ugress
og hip-hopparen
Tommy Tee
.
- Holmes, Thomas B. 2002.
Electronic and Experimental Music: Pioneers in Technology and Composition
. Second edition. London: Routledge Music/Songbooks.
ISBN 0-415-93643-8
(cloth)
ISBN 0-415-93644-6
(pbk)
- Lebrecht, Norman. 1996.
The Companion to 20th-Century Music
. Da Capo Press.
ISBN 0-306-80734-3
(pbk)
- Fotnotar
- ↑
≪The novelty of making music with electronic instruments has long worn off. The use of electronics to compose, organize, record, mix, color, stretch, randomize, project, perform, and distribute music is now intimately woven into the fabric of modern experience≫ (Holmes 2002, 1);
≪By the 1990s, electronic music had penetrated every corner of musical life. It extended from ethereal sound-waves played by esoteric experimenters to the thumping syncopation that accompanies every pop record≫ (Lebrecht 1996, 106). (Oppgjevne av Svensk Wikipedia)