Eduard Toll

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Eduard Toll

Fødd 2. mars 1858
Tallinn
Død 1902
Aust-Sibir-havet
Nasjonalitet Det russiske imperiet
Omrade naturvitenskap , zoologi , paleontologi , geologi , Polarforsking , polarforskning
Yrke oppdagar , paleontolog , zoolog , geolog , naturvitar , polfarer , Cartographic author
Alma mater Det keiserlige universitet i Dorpat

Eduard Gustav von Toll [a] ( 2. mars   1858 1902 ) var ein russisk baron , geolog og polforskar . Han vart fødd i 1858 i Reval (i dag Tallinn i Estland ) og døydde i 1902 ein ukjend stad i Nordishavet . Han vert ofte berre kalla Baron Von Toll eller Eduard V. Toll og høyrte til ein adelsfamilie av baltisk - tysk opphav. Han var gift med baronesse Emmy von Toll.

Toll utdanna seg ved Universitetet i Dorpat ( Tartu ) som zoolog i 1882. Alt medan han var student reiste han til Middelhavet for a studere dyre- og planteliv og geologi i Algerie og Balearane .

Ekspedisjonar [ endre | endre wikiteksten ]

  • I 1893 leia Toll ein ekspedisjon for Petersburg vitskapsakademi til nordlege delar av Jaktusk og utforska dei nedre delane av elvane Lena og Khatanga . Eduard Toll var den første til a kartlegge plataet mellom Anabarelva og Popigaj og ein fjellrygg mellom Olenek og Anabarelva (som han kalla opp etter Vasilij Prontsjistsjev ). Han gjorde og geologiske undersøkingar rundt elvane Jana , Indigirka og Kolyma . I løpet av eit ar og to dagar tilbake la ekspedisjonen 25 000 km, der 4200 km var opp elvane, og gjorde geodesiske malingar langs vegen. For dette harde og vanskelege arbeidet gav Det russiske vitskapsakademiet Eduard V. Toll Den store sølvmedaljen av N.M. Prozjevalskij.
≪Zarja≫ i 1902

Den russiske polekspedisjonen 1900-1903 [ endre | endre wikiteksten ]

I 1900-1902 leia Eduard Toll ein ekspedisjon for Petersburg Vitskapsakademi til Nysibirøyane. Den russiske polekspedisjonen pa skipet ≪Zarja≫ (Заря) hadde som mal a finne det segnomsuste Sannikov Land . Under denne reisa, og særleg under overvintringa nær nordvestdelen av Tajmyrhalvøya og vestlege delar av Kotelnyøya, utførte Eduard Toll omfattande hydrografiske , geografiske og geologiske undersøkingar.

Pa grunn av særs harde istilhøve matte ekspedisjonen vere to vintrar i regionen rundt dei forblaste Nysibirøyane. Til slutt reiste Eduard Von Toll til Bennettøya med slede og kajakk i lag med tre ekspedisjonsmedlemmer.

Skipet ≪Zarja≫ prøvde a na Bennettøya for a evakuere Toll og mannskapet hans, men nadde aldri fram pa grunn av istilhøva. Toll hadde tydelegvis vald a ga sørover mot kontinentet, men det fanst ikkje spor etter dei fire mennene og dei vart aldri funne att.

To leiteekspedisjonar vart sende ut varen 1903. Ein av dei, under ingeniør M. I. Brusnev , leita langs Nysibirøyane og den andre, under kommandør Aleksandr Koltsjak reiste med kvalbat til Bennetøya. Dei fann ikkje nokon av dei, men fann dagbøker og reiskap fra Zarjaekspedisjonen, som gav noko lys over kva som hadde skjedd med Baron Eduard Von Toll og følgjesveinane hans.

Ettermæle [ endre | endre wikiteksten ]

Eduard Von Toll vart innført pa geografiske kart av Fridtjof Nansen . Han namngav bukta nordvest pa Tajmyrhalvøya etter Eduard Von Toll. I tillegg finst elva Tollijevaja , eit nes pa Tsirkuløya i Mininaskjera , fjell pa Novaja Zemlja , det nordlegaste neset pa Stolbovojøya , sundet og eit plata ved Kotelnyjøya og den sentrale isbreen pa Bennettøya .

Innan visse felt, som paleontologi, zoologi og botanikk, finn ein fleire artar av dyr og planter som er kalla opp etter Baron Eduard Von Toll, som til dømes foraminiferen Dendrophyra tolli (Awerinzew, 1911).

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Merknadar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Russisk skrift Эдуард Васильевич Толль, Eduard Vasilijevitsj Toll

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]