한국   대만   중국   일본 
Edinburgh ? Wikipedia Hopp til innhald

Edinburgh

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Edinburgh
Dun Eideann
by
Vapenskjold
Motto: Nisi Dominus Frustra
≪Ta imot Herren i forgjeves≫
Kallenamn: ≪Auld Reekie≫, ≪Athens of the North≫
Land   Storbritannia
Konstituerande land   Skottland
Region City of Edinburgh
Distrikt Sameint styresmakt
Areal 259  km²
Folketal 488 050 (2016)
Grunnlagd Før 600-talet
Postnummer EH
Retningsnummer 0131
Kart
Edinburgh
55°57′12″N 3°11′21″W  /  55.953333333333°N 3.1891666666667°W  / 55.953333333333; -3.1891666666667
Wikimedia Commons: Edinburgh
Edinburgh fra Calton Hill.

Edinburgh ( skotsk-gælisk Dun Eideann ) er hovudstad og den nest største byen (etter Glasgow ) i Skottland . Administrativt utgjer han saman med omlandet regionen City of Edinburgh . Han ligg ved breidda av Firth of Forth .

Byen har vore hovudstad i Skottland sidan 1492, og er no sete for Parlamentet i Skottland , som vart gjenoppretta i 1999. Bade den gamle og den nye byen vart tekne inn pa verdsarvlista til UNESCO i 1995.

Namnet [ endre | endre wikiteksten ]

Ein meiner at namnet pa byen kjem fra brittonsk Din Eidyn , Fortet til Eidyn . Dette stammar fra tida da omradet høyrte til Gododdin , i tidleg mellomalder .

Etter a ha vorte teken av anglarar fra Bernicia vart namnet endra til Edin-burh . Enkelte har hevda at dette tyder Edwin-fort , etter Edwin av Northumbria , men namnet ser ut til a vera fra før tida hans, og det er større grunn til a tru at det er ei forvansking av det brittonske namnet.

Byen har au kallenamnet Auld Reekie ( Gamle røykfylte ). Den neoklassiske arkitekturen og den skotske opplysningstida i det 18. hundrearet har gjeve han kallenamnet Det nordlege Athen . Ein forfattar har ymta om at Det sørlege Reykjavik hadde vore meir passande.

The Princes Street Gardens og nokre bygningar: Fra venstre: Scottmonumentet, North British Hotel, Nelsonmonumentet & the City-observatoriet pa Caltonhøgda, to bruer (Waverley i forgrunnen, North lengre bak) og taket til Waverley Station.

Det moderne gæliske namnet, Dun Eideann , har og vorte forvanska som Dunedin , eit namn byen til tider har gatt under.

Mange skottar brukar kallenamnet Embra , og diktaren Robert Fergusson kalla byen Edina .

Det historiske senteret er delt i to av Princes Street Gardens. Mot sør er bybiletet dominert av Edinburgh slott , som star pa eit vulkansk berg. Nedanfor slottet ligg gamlebyen, som fylgjer asryggen. Mot nord ligg den nye byen. Parkanlegget vart pabegynt i 1816 pa myrland som tidlegare hadde vore ein innsjø, Nor'Loch .

Hamna [ endre | endre wikiteksten ]

Hamna i Edinburgh ligg i Leith . Bydelen har ein særeigen karakter, og det var stor motstand da han vart innlemma i Edinburgh by, fordi han da vart knytt nærare til storbyen. Han er fortsatt ein eigen by, men blir administrert saman med Edinburgh.

Kultur [ endre | endre wikiteksten ]

Edinburgh er base for fleire verdskjende arrangement. Blant desse er Edinburghfestivalen , som er eit samleomgrep pa eksplosjonen i festivalar som skjer i august kvart ar - blant desse er Edinburgh Fringe Festival, Edinburgh Book Festival, Edinburgh Film Festival og Edinburgh Military Tattoo .

Folk fra Edinburgh [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Edinburgh
Reiseguide for Edinburgh fra Wikivoyage