한국   대만   중국   일본 
Dymphna Cusack ? Wikipedia Hopp til innhald

Dymphna Cusack

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Dymphna Cusack

Statsborgarskap Australia
Fødd 22. september 1902
West Wyalong
Død

19. oktober 1981 (79 ar)

Yrke skribent , romanforfattar , skodespelforfattar , biograf
Sjanger roman
Dymphna Cusack pa Commons

Ellen Dymphna Cusack ( 21. september 1902 ? 19. oktober 1981 ) var ein australsk forfattar. [1]

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Dymphna Cusack var fødd i Wyalong i New South Wales . Ho var elev ved Saint Ursula's College, Kingsgrove , [2] og gjekk ut fra Sydney University med ein honours degree i humanioar og eit diploma i utdanning. Ho verka som lærar fram til 1944, da ho pensjonerte seg grunna darleg helse. I 1978 fekk ho diagnose pa lidinga si, multippel sklerose . [1]

Karriere [ endre | endre wikiteksten ]

Cusack skreiv tolv romanar (to av dei saman med andre), sju skodespel, [3] tre reisebøker, to barnebøker og ei sakprosabok. Ho skreiv Pioneers on Parade (1939) saman med Miles Franklin og Come in Spinner (1951) med Florence James . [4]

Skodespelet hennar Red Sky at Morning blei filmatisert i 1944 med Peter Finch i hovudrolla. [5] Biografien Caddie, the Story of a Barmaid , som Cusack skreiv introduksjon til og hjelpte forfattaren med a skriva, blei filmatisert som Caddie i 1976. Romanen Come in Spinner blei filmatisert som TV-serie av Australian Broadcasting Corporation (ABC) i 1989, og send i mars 1990. [6]

Aktivisme og utmerking [ endre | endre wikiteksten ]

Cusack var ei talskvinne for samfunnsreform og omtalte dette i verka sine. Ho støtta rørsla for verdsfred under Den kalde krigen som aktivist mot atomvapen. [1]

Forfattaren var ein av grunnleggjarane av Australian Society of Authors i 1963. Ho hadde takka nei til den britiske Order of the British Empire , [1] men blei utnemnd til Member of the Order of Australia i 1981 for sine bidrag til australsk litteratur . [7]

I 2011 blei Cusack og 11 andre forfattarar, som Elizabeth Jolley og Manning Clark , minna gjennom bronseplakettar ved Writers' Walk i Sydney. [8]

Ein yngre bror av Dymphna, John, var ogsa forfattar. Han skreiv krigsromanen They Hosed Them Out under pseudonymet John Beede. Boka kom først ut i 1965 og blei gjenutgjeven i 2012. [9]

Verkliste [ endre | endre wikiteksten ]

Skodespel [ endre | endre wikiteksten ]

  • Safety First , 1927
  • Shallow Cups , 1933
  • Anniversary , 1935
  • Red Sky at Morning , framført 1935; utgjeve 1942
  • Morning Sacrifice , 1943
  • Comets Soon Pass , 1943
  • Call Up Your Ghosts , med Miles Franklin , 1945
  • Pacific Paradise , 1955

Romanar [ endre | endre wikiteksten ]

  • Jungfrau (1936)
  • Pioneers on Parade (1939) med Miles Franklin
  • Come in Spinner (1951) med Florence James
  • Say No to Death (1951)
  • Southern Steel (1953)
  • Caddie, the Story of a Barmaid (1953) [Introduksjonen]
  • The Sun in Exiles (1955)
  • Heatwave in Berlin (1961)
  • Picnic Races (1962)
  • Black Lightning (1964)
  • [[The Sun is Not Enough (1967)
  • The Half-Burnt Tree (1969)
  • A Bough in Hell (1971)

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Marilla North (2007), ≪Cusack, Ellen Dymphna (Nell) (1902?1981)≫ , Australian Dictionary of Biography , National Centre of Biography, Australian National University , henta 18 May 2015  
  2. Profile , middlemiss.org; retrieved 22 March 2008.
  3. ≪Plays by Dymphna Cusack≫ . The Playwrights Database. Arkivert fra originalen 7. juni 2011 . Henta 9 March 2008 .  
  4. Spender (1988) s. 219
  5. ≪Red Sky at Morning (1944)≫ . ImDb . Henta 9 March 2008 .  
  6. IMDB - Come in Spinner (1990)
  7. ≪It's an Honour ? 26 January 1981≫ . Australian Government. Arkivert fra originalen 26. mai 2011 . Henta 9 March 2008 .  
  8. "Tribute to Literary Greats on Sydney Writers’ Walk" Arkivert 2017-03-05 ved Wayback Machine ., 24 October 2011; retrieved 10 April 2012.
  9. Cusack, J.B. (2012), They Hosed Them Out , Wakefield Press, ISBN   9781743051061