Drakme

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ein Drakme

Drakme (fleirtal drakmar; gresk δραχμή, pl. δραχμές) er:

  1. Tidlegare valuta i Hellas som vart bytt ut med euroen og
  2. Gamal mynteining som vart brukt i Hellas før Alexander den Store
6 obolar = 1 drakme
100 drakmar = 1 mina
6000 drakmar = 1 talent (athensk standard)

Ordet drakme kjem fra verbet drassomai (δρασσομαι), som tyder a gripe . Den opphavlege tydinga kan difor truleg best verte sett om som ei handfull . Dette utvikla seg til ei fast eining, opphavleg seks jernstenger av spesifikk lengd og tjukn. Talet vart teke vare pa i inndelinga av drakmen i 6 obolar. Som mynteining rekna ein sølvverdien av dette, ca. 4,5 til ca. 6 gram sølv, eller tilsvarande verdi i anna metall. Den oftast brukte mynten var tetradrakmen, det vil seie fire drakmar (ca. 18 til ca. 24 gram sølv). Det er ikkje mogleg a samanlikne verdien direkte med moderne valutaer, men det kan nemnast at i 1. hundrearet f.Kr. var dagsløna for ein kroppsarbeidar om lag 1 drakme.

Den moderne mynteininga vart innførd etter at Hellas vart uavhengig i 1829. Han var delt i 100 lepta; pa grunn av kraftig inflasjon etter andre verdskrigen og den pafølgjande borgarkrigen fall lepta-myntane etterkvart ut av bruk.

Da Hellas knytte valutaen sin til euroen 1. januar 2001 var kursen fastsett til 340,75 drakmar for 1 euro. Drakmemyntar og -setlar vart framleis brukte inntil nye euromyntar og -setlar vart innførde 1. januar 2002. Drakmen var pa det tidspunktet den eldste mynteininga som var i bruk, men ikkje den eldste som har vore i kontinuerleg bruk.