한국   대만   중국   일본 
Dora Riparia ? Wikipedia Hopp til innhald

Dora Riparia

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Dora Riparia
elv
Dora Riparia ved Torino
Land   Italia ,   Frankrike
Nedslagsfelt 1 231  km²
Lengd 125  km
Middelvassføring 25  / s
Kjelde Dei cottiske Alpane nær Col de Montgenevre
Munning Po i Torino
Kart
Dora Riparia
45°04′43″N 7°43′27″E  /  45.078522222222°N 7.7242138888889°E  / 45.078522222222; 7.7242138888889
Wikimedia Commons: Dora Riparia

Dora Riparia er ei elv i Italia og ei av sideelvane til Po fra venstre. Ho er 125 km lang med eit nedslagsfelt pa 1 231 km². Ho har sitt utspring i Dei cottiske Alpane , nær Col de Montgenevre i Frankrike , der ho vert kalla Piccola Dora. Ho far namnet Dora Riparia etter ho renn saman med Ripa Argenteradalen og Thuras de Bousson nær Cesana .

Lenger nede i dalen, i Oulx , mottar elva den største sideelva si, Dora di Bardonecchia , og før Susa mottar ho Galambra og Cenischia. Etter Susa møter Dora Riparia fleire mindre sideelvar: Gravio ved Condove , Sessi ved Caprie og Messa ved Almese fra venstre, og fra høgre Scaglione av Meana og Gravio ved Villarfocchiardo . Ho renn gjennom Susadalen og etter a ha kryssa Posletta og kommunane Avigliana , Alpignano , Pianezza og Collegno munnar ho ut i Po ved Torino . I Italia vert ho rekna som ei smaelv med varierande vassføring ( torrente ) fram til Susa, og ei elv ( fiume ) resten av vegen.

Det var der Dora Riparia munnar ut i Po at Torino vart grunnlagd i romartida. Dora Riparia var der lenge den viktigaste energikjelda og alt i mellomalderen vart det grave mange kanalar (duriae) som reiv møller , vasshjul og andre innretningar. Den urbane og industrielle utviklinga i byen pa 1900-talet førte etter kvart til forureining av elva. Renovasjonsarbeidet starta først pa 1990-talet. I 1999 vart Dora Riparia og Sangone rekna som svært forureinia. I 2002 vart det oppretta ein landbruk- og naturpark finansiert av kommunen Collegno og regionen Po for a bevare det naturlege livet i elva.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]