Dizzy Gillespie

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Dizzy Gillespie

Fødd 21. oktober 1917
Fødestad Cheraw
Død 6. januar 1993 (75 ar)
Dødsstad Englewood
Fødenamn John Birks Gillespie
Opphav USA
Aktiv 1935–1993
Sjanger jazz , bebop , afrocubansk jazz
Instrument trompet , vokal , Munnharpe
Plateselskap Pablo , RCA Records , Savoy Records , Verve Records , Capitol Records , Dee Gee Records
Verka som pianist , komponist , trompetist , orkesterleiar , dirigent , jazzmusikar , songar , plateartist , musikar
Prisar National Medal of Arts , Grammy Lifetime Achievement Award , Paul Acket Award , Kennedy Center Honors , kommandør av Ordre des Arts et des Lettres , stjerne pa Hollywood Walk of Fame , NEA Jazz Masters
Dizzy Gillespie, 1955.

John Birks Gillespie ( 21. oktober   1917 6. januar   1993 ) var ein amerikansk trompetar , orkesterleiar, songar og komponist . Han har fatt ei stjerne pa Hollywood Walk of Fame , og vunne fleire grammyprisar .

Musikkstil [ endre | endre wikiteksten ]

John Birks ≪Dizzy≫ Gillespie var ein av hovudpersonane i jazzen si utvikling pa 1940-talet. Med sine rytmiske og harmoniske oppfinningar lukkast han med a endre jazzen sitt sprak til eit meir moderne uttrykk som slo svært godt an verda over.

Saman med Charlie Parker ( saksofon ), Bud Powell ( piano ) og Kenny Clarke ( trommer ) vert han rekna for a vere ein av frontfigurane av den nyskapande stilen bebop . Dette er ein type jazzmusikk som bestar av raske, kompliserte og ofte asymmetriske melodiar.

Historie og musikalsk utvikling [ endre | endre wikiteksten ]

Den unge Gillespie fekk si musikalske utdanning fra naboar og pa grunnskulen. Etter a ha spelt piano i ei tid valde han trompet som sitt instrument. Men han fekk aldri nokon formell undervisning pa instrumentet, han var ein sjølvlærd musikar. Dizzy Gillespie slutta pa ungdomsskulen, som mange andre, for a jobbe pa ein bomullsplantasje under depresjonstida . I 1935 flytta han attende til Philadelphia for a vere saman med mora. Etter nokre dagar fekk han jobb i Frankie Fairfax band der han fekk kallenamnet sitt, ≪Dizzy≫.

I mai 1937 spela Dizzy Gillespie inn si første plate. Etter dette flytta han til New York . Her fekk han han spele med Cab Calloway's band som var gjennombrotet hans som trompetsolist.

Dizzy som person [ endre | endre wikiteksten ]

Dizzy Gillespie sin statue i heimbyen.

I ungdommen var Dizzy Gillespie ein opprørar, ein rebell. Som vaksen var han svært oppteken av a støtte ideelle politiske saker som til dømes raseintegrasjon . Biografen Alyn Shipton meiner denne endringa i karakter i stor grad skuldast Gillespie si sterke gudstru og støtte for trusretninga bahai fra slutten av 1960-talet.

I 1989, i ein alder av over 70 ar, etablerte han Sameinte nasjonars orkester .

Bøker [ endre | endre wikiteksten ]

  • Groovin' High. The Life Of Dizzy Gillespie . Alyn Shipton ,1999

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Dizzy Gillespie