한국   대만   중국   일본 
Dietrich Buxtehude ? Wikipedia Hopp til innhald

Dietrich Buxtehude

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Dietrich Buxtehude

Allegorie auf die Freundschaft av Johannes Voorhout , 1674. Det vert no rekna som mest sannsynleg at gambisten rett til venstre for cembalisten Reincken framstiller Buxtehude, mellom anna grip venstrehanda tonane D og B, Buxtehude sine initialar.
Fødd ca. 1637
Fødestad Helsingborg i Sverige eller Oldesloe i Holstein
Død 9. august 1707 (1706 ar)
Dødsstad Lubeck i Tyskland
Opphav Tyskland, Danmark
Periode Barokken
Aktiv 1680-1707
Sjanger Orgelmusikk
Instrument Orgel
Verka som Komponist og organist
Far Hans Jensen Buxtehude
Gift med Anna Margaretha Tunder

Dietrich Buxtehude (fødd  1637  i Helsingborg eller Oldesloe , død  9. mai   1707  i Lubeck ) var ein dansk-tysk organist og komponist . Han er mest kjend fra tida som organist og komponist i Marienkirche i Lubeck , der han virka fra 1668 til han døydde i 1707. I denne tida skaffa han seg eit ry som gjorde at folk kom langvegsfra for a høyre han spele.

Barndom og ungdom [ endre | endre wikiteksten ]

Sankta Maria kyrka, Helsingborg

Far til Buxtehude, Hans Jensen Buxtehude, var lærar og organist. Han flytta fra Oldesloe i Holstein til Helsingborg i 1637 for a bli organist i Mariakyrkja der. Dette er arsaka til at ein ikkje er sikker pa fødestaden til sonen, men Mariakyrkja i Helsingborg var ramma om dei fem første ara av livet hans.

Etter fem ar i Helsingborg vart faren organist i Olavskyrkja i Helsingør . Denne stillinga hadde han i 30 ar, til 1671, da han vart pensjonist. Dietrich fekk undervisning av far sin fra han var liten og fra han var 19 ar var han sa organist i tre ar i faren si gamle kyrkje pa andre sidan av Øresund , Mariakyrkja. Fra 1660 var han organist i Mariakyrkja i Helsingør til han i 1667 overtok organiststillinga i Mariakirche i Lubeck etter Franz Tunder , som var død aret før. Han følgde skikken pa den tida og gifta seg med den yngste dottera til føregangaren.

Werkmeister i Lubeck [ endre | endre wikiteksten ]

Fra 1668 var han organist og werkmeister i Lubeck til han døydde i 1707. Han fekk den høgaste organistløna i Tyskland og levde bra med stor fridom i arbeidet sitt, noko som sidan vart til inspirasjon for dei andre store komponistane pa den tida: Georg Friedrich Handel , Johann Mattheson , Georg Philipp Telemann og Johann Sebastian Bach . Hausten 1673 organiserte han ei rekkje med kveldskonsertar som vart kalla Abendmusik . Denne tiltrekte seg musikarar fra mange stader og serien gjekk utan opphald til 1810. Eit ar, i 1703 kom bade Handel og Mattheson for a oppleve dette. Buxtehude var da 66 ar gamal og dei tenkte kanskje pa a søke pa stillinga nar han gav seg. Men det vert sagt at da dei kom tilbake to ar etter, var kravet at etterfølgjaren matte gifte seg med den eldste dotter hans Anna Margareta. Dette førte til at dei to avslo tilbodet og forlet Lubeck dagen etter. Johann Sebastian Bach gjekk i 1705 til fots fra Arnstadt til Lubeck for a høyre den gamle meisteren. Han vart verande der i tre manader og heldt pa a miste jobben da han kom tilbake til arbeidsgjevaren sin i Arnstadt.

Han som til slutt vart etterfølgjaren til Buxtehude i Lubeck, Johann Christian Schieferdecker, gifta seg med dotter hans og overtok stillinga tre manader etter at meisteren døydde 9. mai 1707.

Musikken [ endre | endre wikiteksten ]

Buxtehude vert vurdert som den store nordtyske komponisten i barokkmusikken . Han har skreiv mange verk for orgel, bade frie verk og koralbaserte stykke. I tillegg laga han mange motettar og kantater til bruk i gudstenestene.

Fram til kring 1940 kjende ein i hovudsak til Buxtehude sine kyrkjelege verk, vokalverka 'Missa brevis' og kantatane, orgelkomposisjonene 'Cansonetta' i G-dur, 'Chaconne' i e-moll, koralfantasiane og toccataene og kammermusikken, 6 sonatar for 2 fiolinar, 'viola da gamba' med continuo. Ein visste riktig nok at Buxtehude og hadde skrive cembalo -komposisjonar, men ein meinte at desse, bortsett fra ein suite i Uppsala , var tapt. Derimot viste det seg at ein i den danske slekta Ryge si familiebok hadde liggande 19 suitar og 6 variasjonsverk skrive i tabulatorskrift. Dei vart offentleggjort i 1942 og gjev eit merkeleg levande, rikt og nyansert nærbilete av komponisten Buxtehude.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja musikkverk av Dietrich Buxtehude .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dietrich Buxtehude

Notar [ endre | endre wikiteksten ]