한국   대만   중국   일본 
Diesel ? Wikipedia Hopp til innhald

Diesel

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ei krukke diesel.

Diesel er eit petroleumsbasert drivstoff som vert nytta i forbrenningsmotorar der tenning er basert pa kompresjon i staden for gneiste . Namnet kjem av Rudolf Christian Karl Diesel (1858-1913), ein tysk ingeniør som fann opp dieselmotoren . Dieselmotoren vart seinare vidareutvikla av Charles F. Kettering

Kjemisk samansetting og karakteristikkar [ endre | endre wikiteksten ]

Diesel kan utvinnast fra raolje . Dieselfraksjonen har eit kokepunkt mellom om lag 250 °C og 350 °C. Diesel er generelt lettare a framstilla enn bensin , noko som er ei forklaring pa at diesel generelt er billegare i sal. Diesel har ein tettleik (eigenvekt) pa kring 0,84 kg/l.

Tenningseigenskapar [ endre | endre wikiteksten ]

Tenningsegenskapane til diesel vert malt i cetantal, cetantalet er eit mal pa kor lett dieselen vert tend. Heksadekan (som og vert kalla cetan ) er eit referansestoff. Stoffet vert lett tend under trykk, og det ein rekna at dette stoffet har eit cetantal pa 100. Cetantalet i vanleg autodiesel er normalt 51.

Kuldeeigenskapar [ endre | endre wikiteksten ]

Diesel er eit tyngre stoff enn bensin , dette tyder mellom anna at diesel toler kulde darlegare. To eigenskapar er viktige a kontrollera, det eine er takepunktet (engelsk: Cloud Point ). Takepunktet er temperaturen da dei fyrste vokskrystalla vert danna, og er den lagaste temperaturen dieselen kan lagrast utendørs. Den andre eigenskapen er blokkeringspunktet (engelsk: Cold Filter Plugging Point , CFPP), den lagaste temperaturen ein kan nytta dieselen.

Kva takepunkt og blokkeringspunkt er vil variere med arstida og kor ein er i verda.

Biodiesel [ endre | endre wikiteksten ]

Biodiesel kan framstillast av vegetabilske oljer eller fra animalsk feitt. Raps og rybs er mykje nytta til dette. Biodiesel kan nyttast som eit ikkje-fossilt alternativ til petroleumsdiesel. Biodiesel har gode smørjeeigenskapar, og vert ved nokre høve blanda inn i petroleumsdiesel for a betra smøreeigenskapane.

Bruk [ endre | endre wikiteksten ]

Tradisjonelt har dieselmotorar vore nytta av tyngre køyretøy som lastebilar , traktorar , tog og bussar . Etter kvart har mange personbilar i Europa vorte selde med dieselmotorar. Diesel vert og nytta som drivstoff i batar , denne marine dieselen er ofte tyngre og har eit høgare svovelinnhald enn autodiesel. Diesel har og vore forsøkt nytta som drivstoff bade for fly og motorsyklar utan større suksess.

Dieselolje vert nytta som fyringsolje , ofte i sentralfyringsanlegg .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]