Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
, pa
engelsk
United Kingdom of Great Britain and Ireland
vart skipa den 1. januar
1801
. Kongeriket kom til som ei samanslaing av
Kongeriket Storbritannia
og
Kongeriket Irland
. Kongeriket Storbritannia var i si tid ei samanslaing av kongedøma
Skottland
og
England
i 1707. Det
irske Parlamentet
gjorde i august 1800 vedtak om a leggja seg sjølv ned.
Lov av 1801 om union mellom Storbritannia og Irland
, den sakalla "Act of Union" vart da vedteken. Den
irske fristaten
fekk sjølvstende i 1922. Kongeriket "Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland" hadde sitt gamle namn fram til 1927 da det vart vedteke a skifta namn til
Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland
(United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland). Ei eiga lov vart vedteke om namneskiftet.
Irland
skulle verta representert av kring 100 medlemer i det sameinte parlamentet. I tillegg vart det lova
trusfridom for dei irske katolikkane
. Katolsk trusfridom vart stogga av kong
Georg III
. Han meinte at a gje trusfridom til tilhengjarar av
den romersk-katolske kyrkja
ville føra med seg at han braut kroningseiden sin.
Fleire generasjonar av irske leiarar argumenterte for sjølvstyre i Irland.
Daniel O'Connell
klarde a fa den britiske regjeringa til a innvilga trusfridom for dei irske katolikkane i 1829. Freistnaden pa a fa ein slutt pa unionen fall i fisk. Seinare leiarar, som
Charles Stewart Parnell
, argumenterte for eit heimestyre innanfor unionen.
I 1919 etablerte dei irske medlemene i det britiske parlamentet eit eige irsk parlament,
Dail Eireann
.
Eamon de Valera
vart vald til
president av Dail Eireann
. Ein
krig
, kalla
den irske sjølvstendekrigen
, mellom irske og britiske styrkar vart utkjempa mellom 1919 og 1921. I desember 1922 gjekk 26 av fylka i Irland ut av unionen og etablerte ein eigen irsk fristat. Seks fylke, kalla
Nord-Irland
, vart verande i unionen.
Flagget fra 1801 er framleis flagget til det noverande sameinte kongeriket. Flagget er kjend som "Union Jack". Flagget kombinerte dei daverande flagga til England og Skottland med det irske St. Patrick flagget.
|
---|
|
Politikk
| Suverene statar
| |
---|
Kroneige
| |
---|
Politisk samarbeid
| |
---|
|
---|
Geografi
| |
---|
Historie
| Øyar
| |
---|
Noverande land
| |
---|
Tidlegare land
| |
---|
|
---|
Samfunn
| Moderne sprak
| |
---|
Folkegrupper
| |
---|
|
---|