Det nederlandske austindiakompaniet

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Nederlands koloniomrade med omrada til det nederlandske austindiakompaniet markert i ei lysare grønfarge rundt Indiahavet samt St. Helena i Atlanterhavet .

Det nederlandske austindiakompaniet ( nederlandsk Vereenigde Oostindische Compagnie , forkorta VOC ) var eit nederlandsk selskap stifta 20. mars 1602 da det vart tildelt monopol pa koloniverksemd i Asia av Generalstatane . Det var det første multinasjonale selskapet i verda og det var det første selskapet som trykte aksjer . Det var viktig i handelen i nesten to hundrear før det gjekk konkurs og vart oppløyst i 1798 . Selskapet hadde rett til a ga til krig, stifte koloniar og innga avtalar med asiatiske herskarar.

Logoen til Amsterdam-kammeret i VOC

VOC bestod av seks kammer ( Kamers ) i Amsterdam , Middelburg (for Zeeland ), Enkhuizen , Delft , Hoorn og Rotterdam . Delegatar fra desse kammera samla seg som Heeren XVII (dei sytten herrane).

Til radet Heeren XVII vart atte delegatar sendt fra kammeret i Amsterdam, fire fra Zeeland, og ein fra kvart av dei mindre kammera. Amsterdam hadde derfor ei viktig røyst i radet. Zeelandarane var særleg mistenksame i oppstarten av VOC pa grunn av dominansen fra Amsterdam. Frykta var ikkje ugrunna sidan det i praksis var kammeret i Amsterdam som staka ut kursen for selskapet.

Dei seks kammera skaffa startkapitalen for det nederlandske austindiakompaniet:

Kammer Kapital ( Gylden )
Amsterdam 3 679 915
Zeeland 1 300 405
Enkhuizen 540 000
Delft 469 400
Hoorn 266 868
Rotterdam 173 000
Totalt: 6 424 588

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Spire Denne historieartikkelen som har med Nederland og økonomi a gjere, er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .