Det meksikanske flagget

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det meksikanske flagget

Det meksikanske flagget er eit vertikalt trefarga flagg med det meksikanske riksvapenet i midtstripa. Dei tre fargane er raudt , kvitt og grønt og har hatt fleire ulike tolkingar. Dei blei tekne i bruk da Mexico fekk sjølvstende i 1821 etter ein tiarig krig mot kolonimakta Spania . Flagget med den utforminga det har i dag blei offisielt teke i bruk i 1968 .

Symbolikk [ endre | endre wikiteksten ]

Dei tre fargane hadde opphavleg tydinga sjølvstende (grønt), religion (kvitt), det vil seia katolisisme , og union (raudt) mellom europearar og amerikanarar.

Med sekulariseringa av landet, leia av president Benito Juarez , blei fargane tillagde ny symbolikk: Hap (grønt), samhald (kvitt), og helteblod (raudt).

Andre har gjeve fargane andre tydingar.

Spire Denne Mexicoartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .