한국   대만   중국   일본 
Det ivorianske flagget ? Wikipedia Hopp til innhald

Det ivorianske flagget

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det ivorianske flagget. Storleikstilhøve 2:3.

Det ivorianske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg i Elfenbeinskysten den 7. august 1959 . Det er ein trikolor med tre vertikale striper i oransje, kvitt og grønt, etter mønster fra det franske flagget .

Stripene symboliserer ulike verdiar som svarer til det nasjonale mottoet Union-Discipline-Travail, eller Samhald, disiplin og arbeid. Den oransje star for vekst, den kvite for fred gjennom samhald, og grønfargen for framtidshap. Men fargane har og fatt andre tydingar av ivorianarane. Dei meiner grønfargen symboliserer dei tropiske skogane deira og kvitfagen elvane , medan oransje star for savannen i landet.

Flagget har dei same fargane som det irske flagget , men i motsett rekkefølge. Medan irane heiser flaget med den grøne delen nærast flaggstanga, har ivorianarane den oransje inst.