Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Slaget ved Bloody Creek
|
Del av
den franske og indianske krigen
|
Varde reist av Historic Sites and Monuments Board (1932)
|
|
Partar
|
Storbritannia
|
Mi'kmaq
-indianarar
Akadiske
motstandskjemparar
|
Kommandantar
|
Kaptein Peter Pigou
†
Kaptein David Maitland
|
ukjend
|
Styrkar
|
130 soldatar
|
ukjend, kanskje hundrevis
|
Tap
|
24 drepne og skadde
|
12 drepne og skadde
|
|
|
Slaget ved Bloody Creek
vart utkjempa 8. desember
1757
under
den franske og indianske krigen
. Militssoldatar fra
Acadia
og
Mi'kmaq
slo ei avdeling av
britiske
soldatar ved Bloody Creek, som munnar ut i
Annapolis River
ved dagens
Carleton Corner i Nova Scotia
. Slaget skjedde same stad som
slaget i 1711
under
dronning Anne-krigen
.
Etter at franskmennene hadde tapt i
Slaget ved Fort Beausejour
og
deportasjonen av akadiarane
hadde starta i 1755, danna mange akadiarar
geriljagrupper
i skogane, ofte i lag med dei gamle indianarane Mi'kmaq. Desse gruppene opererte pa heile
Nova Scotia
fram til
Ny-Frankrike
fall. Den mest kjende av desse geriljakrigarane var
Joseph Broussard
, og kjend som Beausoleil. Trass i at dei kontrollerte mange skansar som
Halifax
, Annapolis Royal og
Fort Beausejour
, klarte ikkje britane a fa fred i regionen.
Den 6. desember dreiv eit arbeidslag som heldt til i Annapolis Royal, a hogge ned ved nær staden der der det første slaget fann stad i 1711. Der vart dei utsett for eit bakhaldsatak av akadiske og Mi'kmaq styrkar. Ein mann vart drepen og sju andre vart teken til fange. Som følgje av dette vart 130 mann under kaptein Peter Pigou sendt ut for a hente attende fangane.
Dei marsjerte til fots langs sørbreidda av
Annapolis River
og britane vart utsett for vate og kalde forhold før dei gav opp leitinga etter fangane. Dei kryssa ei bru over Rene Foret River morgonen den 8. desember da dei vart angripe av Mi'kmaq og akadiarar. Britane heldt stand ei kort stund og leid store tap, mellom anna kaptein Pigou, før dei trekte seg attende til Annapolis Royal.
Trass i sigeren klarte ikkje Mi'kmaq og akadiarane a følgje opp med eit atak pa Annapolis Royal. Det var derimot mange liknande grupper som heldt fram a angripe dei britiske styrkane i Nova Scotia og som støtta dei franske troppane gjennom krigen. Rene Foret River fekk namnet Bloody Creek til ære for slaget.