Den sentralamerikanske føderasjonen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Provincias Unidas del Centro de America
Den mellomamerikanske føderasjonen

1823?1840
Flagg Våpen
Flagg Vapen
Hovudstad Guatemala by (1821-34)

San Salvador (1834-38)

Sprak Spansk
Styreform Republikk
Historie
 - Oppretta 1823
 - Opphøyrde 1840
Føregjengar
Etterfølgjarar
Det første mexicanske keisardømet
Fristaten Costa Rica
El Salvador
Guatemala
Honduras
Nicaragua
Los Altos
Belize

Den mellomamerikanske føderasjonen var ein føderasjon i Mellom-Amerika som eksisterte fra juli 1823 til rundt 1840. Føderasjonen bestod av dei noverande landa Guatemala , El Salvador , Honduras , Nicaragua og Costa Rica . I 1830-ara slutta og staten Los Altos (i dag ein del av Guatemala og tildels Mexico ) seg til føderasjonen. Den mellomamerikanske føderasjonen blei oppløyst gjennom ein borgarkrig i 1838?1840.

Kort tid etter at Sentral-Amerika erklærte sjølvstende fra Det spanske imperiet i 1821, blei fleire av landa annekterte av Det første mexicanske keisardømet i 1822. I 1823 gjekk landa saman i ein føderal republikk. Fra 1838 til 1840 utvikla det seg ein borgarkrig i føderasjonen, der konservative slost mot liberale og ulike separatistar kjempa for lausriving. Desse gruppene klarte ikkje a overvinna dei idelogiske skilnadane sine, og konføderasjonen blei oppløyst etter ei rekkje blodige konfliktar. [1]

Regjeringsleiarar [ endre | endre wikiteksten ]

Politiske leiarar:

  • Gabino Gavinza (1821-1822)
  • Vicente Filisola (1823)

Første regjering (1823):

  • Pedro Jose Antonio Molina Mazariegos
  • Antonio Rivera Cabezas
  • Juan Vicente Villacorta Diaz

Andre regjering (1823-1824):

  • Tomas Antonio O’Horan y Arguello
  • Jose Santiago Milla Pineda Arriaga
  • Juan Vicente Villacorta Diaz

Tredje regjering (1824):

  • Tomas Antonio O’Horan y Arguello
  • Juan Vicente Villacorta Diaz
  • Jose Cecilio del Valle

Fjerde regjering (1824):

  • Tomas Antonio O’Horan y Arguello
  • Jose Cecilio del Valle
  • Manuel Jose Arce y Fagoaga

Femte regjering (1824-1825):

  • Tomas Antonio O’Horan y Arguello
  • Jose Cecilio del Valle
  • Jose Manuel de la Cerda y Aguilar

Presidentar:

  • Manuel Jose Arce y Fagoaga (1825-1829)
  • Jose Francisco Barrundia y Cepeda (1829-1830), innsett etter at Fagoaga gjekk av. Ikkje folkevald.
  • Francisco Morazan Quesada (1830-1834)
  • Jose Gregorio Salazar (1834-1835)
  • Francisco Morazan Quesada (1835-1839)
  • Diego Vigil (1839), fungerande president, aldri teken i eid.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Foster, Lynn V. (2000). A Brief History of Central America . New York: Facts on File. s. 134?136. ISBN   0-8160-3962-3 .