Den
andre opiumkrigen
eller
Arrowkrigen
var ein krig mellom
Storbritannia
og
Frankrike
mot
Qing-dynastiet
i
Kina
. Krigen starta i 1856 og enda i 1860. Det kinesiske keisardømmet matte gje etter for vestlege makter og
Russland
i ei rekkje saker; blant anna vart opiumshandelen legalisert.
[1]
Vestleg
imperialisme
voks raskt fram i 1850-ara. Nokre delte mal hos dei kapitalistiske maktene var a ekspandera dei oversjøiske marknadane deira og etablera nye
koloniar
.
Frankrike
og
USA
kravde revisjonar i
Huangpu-
og
Wangxia-traktatene
i eit forsøk pa a fa utvida sine privilegium i
Kina
.
Storbritannia
sette fram det same kravet og viste til ≪like avtalar≫-artikkelen som den mest føretrekte nasjonsstatusen. Dei britiske krava inkluderte at heile Kina vart tilgjengeleg for britiske handelsmenn, legalisering av opiumshandelen, tollfritak pa importvarer, tiltak mot piratverksemd og regulering av handelen med kuliar. Britane kravde og a fa ha ein britisk ambassadør i
Beijing
og at den engelske versjonen av alle traktatar skulle ha forrang overfor den kinesiske.
Qing-hoffet avviste krava fra Storbritannia, Frankrike og USA.
Krigen kan sjaast pa som ei fortsetjing av den
første opiumskrigen
(1839-1842), og av det kjem namnet den andre opiumskrigen.
8. oktober 1856 vart fartøyet ≪Arrow≫ borda av kinesiske styresmakter. Skipet var kinesisk eigd, registrert i
Hongkong
og var mistenkt for piratverksemd og smugling. Tolv kinesarar vart arresterte og fengsla. Dette har seinare blitt kjent om ≪Arrow-hendinga≫. Dei britiske tenestemennene i
Guangzhou
forlanga at sjømennene skulle setjast fri, da skipet nyleg hadde vore britiskregistrert. Da dette vart tilbakevist av kinesiske styresmakter insisterte britane pa at ≪Arrow≫ hadde ført britisk flagg og at dei kinesiske soldatane hadde vist forakt for det. Dei kinesiske styresmaktene hadde allereie hendene fulle med eit opprør (
Taipingopprøret
) og Qing-administrasjonen var ikkje sterk nok til a sta mot dei vestlege maktene militært.
Sjølv om britane var opptekne med opprøret i
India
(kjent som
Sepoyopprøret
) sa svarte dei pa ≪Arrow-hendinga≫ i 1857 og angreip Guangzhou fra
Perlefloda
. Ye Mingchen som var guvernør i provinsane
Guangdong
og
Guangxi
gav dei kinesiske troppane ordre om a ikkje a gjere motstand. Etter a ha teke fortet nær Guangzhou utan kamp angreip den britiske hæren Guangzhou, medan amerikanske krigsskip skaut mot byen. Innbyggarane og soldatane i Guangzhou gjorde likevel sterk motstand mot inntrengarane og tvinga dei til a trekkja seg tilbake.
Det britiske parlamentet bestemte seg for a krevja erstatning fra Kina, basert pa ein rapport om ≪Arrow-hendinga≫ fra den britiske konsulen i Guangzhou. Frankrike støtta det britiske felttoget mot kinesarane, tilskunda av dei kinesiske styresmaktene si avrettinga av ein fransk misjonær i provinsen Guangxi. USA og Russland sende diplomatar til Hongkong for a tilby britane og franskmennene hjelp; men til slutt gjennomførte dei to europeiske maktene felttoget aleine.
Britane og franskmennene samla styrkane sine under admiral Sir Michael Seymour. Den britiske hæren vart leia av Lord Elgin og den franske av Jean Baptiste Louis Gros. Dei britisk-franske styrkane angreip og okkuperte Guangzhou seint i 1857. Ye Mingchen vart teken til fange og Bo-gui, guvernøren i Guangdong overgav seg. Ein felles komite som representerte britane og franskmennene vart danna. Bo-gui vart pa sin post for a halde lov og orden pa vegner av invasjonsstyrkane. Den britisk-franske alliansen kontrollerte Guangzhou i om lag fire ar. Ye Mingchen vart send i eksil til
Calcutta
i India, der han svelta seg til døde.
Invasjonsstyrkane heldt fram nordover for a innta
Takuforta
nær
Tianjin
i mai 1858.
I juni 1858 vart den fyrste delen av krigen avslutta med
Tianjintraktaten
, der Storbritannia, Russland, Frankrike og USA underteikna. Denne avtalen opna ti nye hamner for vestleg handel. Den kinesiske regjeringa nekta først a underteikna avtalen. Dei viktigaste punkta i avtalen var:
- Storbritannia, Frankrike, Russland og USA skulle ha rett til a etablera diplomatiske stasjonar i Beijing, pa den tida ein lukka by.
- Seks nye kinesiske hamner skulle opnast for vestleg handel, inkludert
Niuzhuang
,
Tanshui
,
Hankou
og
Nanjing
.
- Alle utanlandske skip, inkludert handelsskip skulle ha fri tilgang til elva
Yangtze
.
- Utlendingar skulle ha rett til a reisa i innlandet i Kina, det var tidlegare forbode.
- Kina skulle betala skadeerstatning til Storbritannia og Frankrike.
- Kina skulle betala kompensasjon til britiske handelsmenn for øydelegging av deira eigedom.
Den 28. mai 1858 vart traktaten i Aigun underteikna, ein separat avtale med Russland for a revidera den russisk-kinesiske grensa slik den var fastsett ved
avtalen i Nertsjinsk
i 1689. Russland gjenvann den nordlege sida av elva
Amur
og flytta med det grensa fram fra elva
Argun
. Avtalen gav Russland kontrollen over eit isfritt omrade ved Stillehavet, der landet grunnla byen
Vladivostok
i
1860
.
Kina sette seg mot etablering av diplomatiske legasjonar i Beijing (som avtalt i Tianjin-traktaten) og i 1859 skaut ein flatestyrke under admiral Sir James Hope mot forta som vakta munningen av elva
Peiho
. Forta vart skada og styrken trekte seg tilbake under dekke av ein skvadron leia av kommandør Josiah Tattnall.
3. august 1860 vart ein britisk-fransk styrke sett i land ved Pei Tang, og angreip forta ved Taku den 21. august. Den 26. september hadde styrken nadd Beijing og erobra byen den 6. oktober. Keisar Xianfeng utnemnde broren prins Gong til forhandlingsleiar og flykta sjølv til
sommarpalasset i Chengde
. Dei britisk-franske troppane sette fyr pa sommarpalasset og det gamle sommarpalasset etter fleire dagars plyndring. Det gamle sommarpalasset vart totalt øydelagt.
Grunnlaget for øydelegginga av sommarpalassa er framleis omdiskutert. Den offisielle grunnen Elgin gav var a avskrekka kinesarane fra a bruka kidnappingar som eit forhandlingsmiddel, og for a fa hemn for keisarane sitt misbruk av ≪
kvitt flagg
≫. Anna, som avrettingar vart vurdert, men Elgin sag øydelegginga av palassa som det minst støytande, da det skada det despotiske styret, men ikkje det uskuldige kinesiske folket. Det er likevel truleg at grunnen var tortur og mord pa vestlege fangar.
[
treng kjelde
]
Ei anna mogleg forklaring er at Elgin vart krenkt av dekadensa til hoffet, og vart spesielt støytt av dei europeiske bygningane pa omradet.
[
treng kjelde
]
Kinesiske historikarar har argumentert med at øydelegginga var eit skalkeskjul for omfattande plyndring.
Etter at keisaren Xianfeng hadde flykta fra Beijing, vart traktaten fra
Tientsin
endeleg ratifisert av bror til keisaren, prins Gong. Traktaten i Beijing vart signert den 18. oktober 1860 og avslutta den andre opiumskrigen.
Handelen med opium vart legalisert og kristne vart gjeve fulle borgarrettar, inkludert retten til a eiga land, og retten til a misjonera.
Traktaten i Beijing inkluderer:
- Kina godkjende traktaten i Tientsin
- Tianjin skulle opnast for handelsskip
- Distrikt nr. 1 i Kowloon vart avstatt til Storbritannia
- Religionsfridom vart innført i Kina
- Britiske skip fekk rett til a frakta kinesiske leigearbeidarar til USA
- Skadeerstatning til Storbritannia og Frankrike
- Legalisering av opiumshandelen
.
| Denne artikkelen
treng
referansar
for verifikasjon
.
Du kan
forbetra artikkelen
ved a leggja inn referansar til palitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang a markera dei setningane/pastandane som treng kjeldebelegg ved a tilføya
{{
tr
}}
etter pastanden.
|