한국   대만   중국   일본 
Delmenhorst ? Wikipedia Hopp til innhald

Delmenhorst

Koordinatar : 53°03′0″N 8°38′0″E  /  53.05000°N 8.63333°E  / 53.05000; 8.63333
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Delmenhorst
Delmenhorst i 1647.
Delmenhorst i 1647.
Delmenhorst i 1647.
Byvapen Plassering
Byvåpenet til Delmenhorst
Delmenhorst is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk?
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Kreisfri by
Først nemnd i 1254
Geografi
Flatevidd
 - By

62,36 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

75 672
  1 213/km²
Koordinatar 53°03′0″N 8°38′0″E  /  53.05000°N 8.63333°E  / 53.05000; 8.63333
Høgd over havet 7 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET ( UTC +1)
CEST ( UTC +2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 27747, 27749, 27751, 27753,27755
Telefon-retningsnummer 04221
Bilnummer DEL
Heimeside: www.delmenhorst.de

Delmenhorst er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg mellom Bremen og Oldenburg .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Delmenhorst vart først nemnd i eit dokument i 1254 , etter at greven Oldenburg , Otto I, kjøpte staden nær elva Delme i 1234 . Det vart bygd ei borg for a verne om den nye busetnaden i 1247 . Den pafølgjande greven, Otto II, flytta inn i borga. 15. juli 1371 vart byen erklært ein sjølvstendig by etter Bremenlova.

Etter ei kort tid under styret til biskopen i Bremen fra 1421 til 1436 vart Delmenhorst gjeve tilbake til Oldenburg. Delmenhorst vart seinare frykta for sine røvarriddarar leia av grev Gerd. Dette enda i 1482 ved at borga vart omleira av biskopen i Munster . Etter dette kom derfor byen under styret til Munster fram til grev Anton I vann byen og borga tilbake i 1547 .

Etter at den siste arvingen til Anton, Kristian, døydde i 1647 , gjekk Delmenhorst igjen tilbake til Oldenburg. Sidan Oldenburg pa denne tida vart styrt av ein slektning av den danske kongen var Delmenhorst no under dansk kontroll.

I 1767 vart Delmenhorst kjøpt av tsaritsa Katarina II , men vart gjeve tilbake til Oldenburg i 1773 . I 1777 vart Delmenhorst hertugdøme av Oldenburg. I 1806 okkuperte den franske og nederlandske hæren omradet, og Delmenhorst vart ein del av Frankrike under Napoleon I fra 1811 til 1813 .

Under den industrielle revolusjonen opplevde Delmenhorst kraftig økonomisk vekst, mykje pa grunn av Bremen. Sidan Bremen lag i ei anna tollsone matte kjøpmenn som ville eksportere varer ut fra Bremen betale dyre tollavgifter. Dei eksporterte berre derfor varene til dei omliggande landsbyane.

I 1903 vart Delmenhorst ein kreisfri by , som gjorde at han no hadde sjølvstyre og ikkje vart styrt av noko land. I 1930-ara og depresjonen gjekk enkelte av fabrikkane konkurs, men byen haldt fram med a vekse og innlemma dei omliggande landsbyane rundt seg. Under krystallnatta i november 1938 vart synagogen brend ned av nazistane , som kom til makta i Tyskland i 1933 . Etter den andre verdskrigen lag Delmenhorst i den britiske okkupasjonssonen og matte handsame tusenvis av flyktningar fra Aust-Tyskland , som no var okkupert av Sovjetunionen . I 1950 budde meir enn 57 000 menneske i Delmenhorst.

Fra 1960-ara auka arbeidslausa i byen og meir enn 13 % gjekk utan arbeid, medan 7 % levde pa trygd.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Delmenhorst

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]