한국   대만   중국   일본 
Delfi ? Wikipedia Hopp til innhald

Delfi

Koordinatar : 38°29′N 22°30′E  /  38.483°N 22.500°E  / 38.483; 22.500
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Delfi
Lokalt namn Δελφο?

Utsyn mot landsbyen Delfi
Geografi
Stad Sentral-Hellas
Koordinatar 38°29′N 22°30′E  /  38.483°N 22.500°E  / 38.483; 22.500
Areal 1 123,0 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Hellas
Fokida
Hovudsete Amfissa  (6 334 innb.)
Demografi
Folketal 24 165 (2021 [1] )
Folketettleik 21,5 /km²
Teateret , sett ovanfra.

Delfi ( gresk Δελφο?) er ein sentral arkeologisk funnstad i Hellas . I dag er det namnet pa ein landsby og ein kommune i periferieininga Fokida i periferien Sentral-Hellas .

I antikken var det staden for det viktigaste orakelet til guden Apollon . Den greske verda følte ærefrykt for Delfi pa grunn av ομφαλ?? ( omfalos )- steinen , ≪verdas navle≫ og sentrum i universet . I den indre eldstaden (?στ?α, hestia ) i tempelet til den delfiske Apollon (?π?λλων Δελφ?νιο?, Apollon Delfinios ) brann ein evig flamme (?σβεστο? φλ?γα). Etter slaget ved Plaitaia sløkte dei greske byane sine flammar og førte ny eld fra eldstaden til Hellas. I grunnleggingsfortellingane om dei greske koloniane vart kolonistane først vigde ved Delfi. [2] Opphavleg heitte Delfi Pytho , av det greske verbet pithin (= a rotne), pa grunn av stanken da slangen Python rotna etter at Apollon hadde drepe henne.

Plassering [ endre | endre wikiteksten ]

Delfi ligg pa eit plata i fjellsida pa Parnassos , ved sidan av heilagdomen til Apollon, orakelet. Denne halvsirkulære tilkomsten er kjent som Faedriades og ligg over Pleistos-dalen. Sørvest for Delfi, rundt 15 km borte, ligg hamnebyen Kirra og Korintbukta .

Apollon [ endre | endre wikiteksten ]

Den kastaliske kjelda.

Namnet Delfi eller Delfoi har samanheng med ≪hol≫ (δελφ, delf ) eller ≪livmor≫ (δελφ??, delfos ) og kan indikere arkhaisk djup respekt for Gaia , moder jord , ei jordgudinne pa staden. Apollon er forbunde med staden med sitt epitet (Δελφ?νιο? Delfinios ), som tyder anten ≪den i Delfi≫ eller ≪den av livmora≫. Epitetet har samanheng med delfinar (≪livmorsfiskar≫) i den homeriske hymnen til Apollon (linje 400) som fortel om korleis Apollon først kom til Delfi i form av ein delfin, og bar kretiske prestar pa ryggen.

Ei anna segn seier at Apollon gjekk til Delfi fra nord og stoppa ved Tempe , ein by i Thessalia for a plukke laurbær , ei plante som var heilag for han. Til minne om denne segna fekk vinnarane av dei pythiske leikane ein laurbærkrans plukka i Tempe.

Delfi var staden for eit viktig tempel til Phoebus Apollon i tillegg til dei pythiske leikane og det kjende orakelet . Sjølv i romersk tid fanst hundrevis av votivstatuar slik dei vart skildra av Plinius den yngre og sett av Pausanias . Frasane ≪kjenn deg sjølv≫ (γν?θι σεαυτ?ν) og ≪ingenting til overs≫ (μηδ?ν ?γαν) skal ha vore gravert inn i tempelet, i tillegg til bokstaven E. [3]

Apollon drap den ktoniske slangen Python , og ifølgje nokre kjelder kona til slangen Pythia som levde ved sidan av Den kastaliske kjelda , fordi Python hadde prøvd a valdta Leto medan ho var gravid med Apollon og Artemis . Lika av paret vart drapert rundt vengjestaven hans, kadukeusen som symboliserte guden. Kjelda flaut mot tempelet, men forsvann under jorda og skapte ei kløft som gav fra seg gass som fekk orakelet i Delfi til a gje sine profeti. Apollon drap Python, men matte straffast for det, sidan Python var son av Gaia. Heilagdomen tileigna til Apollon var truleg opphavleg tileigna Gaia og seinare kanskje til Poseidon .

Erwin Rohde skreiv at Python var ei jordand som vart erobra av Apollon og gravlagd under Omfalos, og at det er eit tilfelle der ein gud sette opp tempelet sitt pa grava til ein annan. [4] Eit anna syn er at Apollon var ein nykommar i det greske pantheonet som opphavleg kom fra Lydia . Etruskarane som kom fra det nordlege Anatolia , tilbad og Apollon. Det kan hende at han opphavleg var identisk med den mesopotamiske Aplu , ein akkadisk tittel som tyder ≪son≫, opphavleg gjeve til pestguden Nergal , son av Enlil . Apollon Smintheos (Απ?λλων Σμινθε??), musedreparen [5] utryddar mus, dermed star han for førebyggande medisin. Det er ei vanleg mistyding at orakelet føresag framtida basert pa vatnet og lauv som skalv i trea. Orakelet i Delfi føresag aldri framtida, men gav tvitydige rad om korleis ureiningar kunne reinsast og notidige katastrofar kunne endast. [6]

Orakelet [ endre | endre wikiteksten ]

Delfi er kanskje best kjent for orakelet i Delfi|orakelet]] i heilagdomen til Apollon. I dei siste 25 ara av det 700-talet f.Kr. ser vi ei jamn auke i lekamar funne ved busetnaden i Delfi. Keramikk , bronsearbeid og ofringar pa tripoden heldt fram i ein jamn straum samanlikna med Olympia. Variasjonen i offerlekamane og nærværet av prestisjefylte offer er ikkje i seg sjølv noko bevis for at Delfi vart søkt av tilbedarar fra eit stort omrade, men sa kostbare ofringar er ikkje funnet i nokre andre heilagdomar pa fastlandet, noko som underbygger prestisjen til Delfi som orakel.

Prestinna av orakelet i Delfi var kjent som Pythia .

H.W. Parks skriv at grunnlegginga av Delfi og orakel her fann stad før den nedskrivne historietida, og at opphavet er ukjend. [7]

Orakelet utøvde stor paverknad i den greske verda, og vart konsultert før alle viktige handlingar: Krigar, grunnlegginga av koloniar og sa vidare. Ho vart og respektert av dei halvhellenistiske landa rundt i den greske verda, slik som Lydia , Karia og til og med Egypt .

Skattkammeret [ endre | endre wikiteksten ]

Skattkammeret til Athen , bygd til minne om sigeren deira i slaget ved Marathon .

Fra inngangen til omradet, nar ein held fram nesten heilt opp til sjølve tempelet, star mange votivstatuar og talrike skattkammer. Desse vart bygt av forskjellige statar, bade dei pa fastlandet og oversjøiske, for a minnast sigrar og som takk til orakelet for rad som var viktige for dei sigrande. Det mest imponerande er det no restaurerte skattkammeret til Athen , bygt til minne om den athenske sigeren i slaget ved Marathon . Athenarane hadde tidlegare fatt rad av orakelet om a stole pa sine ≪tremurar≫. Themistokles gjetta at tremurane viste til skipa til Athen, noko som sikra siger i det kjende slaget ved Salamis . Eit anna imponerande skattkammer pa staden vart gjeven av byen Sifnos , som hadde rike sølv - og gullgruver , og derfor førte opp det sifniske skattkammeret .

Tholos [ endre | endre wikiteksten ]

Tholos ved heilagdomen til Athene Pronaia

Tholosen ved heilagdomen til Athene Pronaia er ein sirkulær bygning som vart oppført mellom 380 og 360 f.Kr. Han bestod av 20 doriske søyler plassert med ein ytre diameter pa 14,76 meter med 10 korintiske søyler i det indre. Tholosen ligg rundt 800 meter fra hovudruinane ved Delfi. Tre av dei doriske søylene har vorte restaurert, noko som gjer han til den mest populære staden i Delfi for turistar til a ta bilete.

Den ≪delfiske Sibyl≫ [ endre | endre wikiteksten ]

Den delfiske Sibyl var ein legendarisk profetisk figur, som skal ha profetert i Delfi kort tid etter trojanarkrigen . Profetia som vert tillagt henne, sirkulerte i nedskrivne samlingar av profetiske utsegn saman med orakla til figurar som Bakis . Sibyl hadde ingen samband til orakelet til Apollon, og ma ikkje forvekslast med Pythia.

Dagens Delfi [ endre | endre wikiteksten ]

I mellomalderen vart delar av Viotia og Fokida busett av arvanittar . Da dei kom til Hellas etter a ha vorte invitert dit av frankiske herskarar i omradet, bygde dei ein landsby pa det fraflytta tempelomradet med marmor fra søyler, bygningar osv som berebjelkar og tak i sine improviserte hus. Arkeologar fra Ecole francaise d'Athenes lokaliserte staden i 1893 til Delfi i antikken. Arvanittlandsbyen Kastri vart flytta fra tempelomradet til ein annan stad.

Det moderne Delfi (av og til skrive Delfoi) ligg vest for den arkeologiske funnstaden. Det vert passert av ein stor motorveg mellom Amfissa og Itea og Arakhova . Dei to hovudgatene er einvegskjørte og tronge. Delfi har og ein skole og eit torg ( plateia ). Samfunna inkluderer Khrisso som i antikken var Krissa.

Administrativ inndeling [ endre | endre wikiteksten ]

Den tidlegare kommunen Delfi, no kommunaleininga Delfi

Den noverande kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei atte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar . [8]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 24 165 innbyggjarar, medan kommunaleininga Delfi hadde 1 455 og tettstaden med same namn 835 innbyggjarar. [1]

Byar og tettstader [ endre | endre wikiteksten ]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011 [9] Folketal 2021 [1]
Amfissa Amfissa 6 919 6 334
Itea Itea 4 362 4 546
Galaxidi Galaxidi 2 011 1 761
Desfina Desfina 1 824 1 567
Kirra Itea 1 385 1 392
Polydrosos Parnassos 1 125 1 014
Delfi Delfi 854 835
Khrisso Delfi 735 590
Gravia Gravia 604 520
Kastellia Gravia 523 422

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
  2. Burkert 1985, s. 61, 84.
  3. Hodge, A. Trevor. ≪The Mystery of Apollo's E at Delphi,≫ American Journal of Archaeology argang 85, nr. 1. (Jan., 1981), s. 83-84.
  4. Rohde, Psyche , s.97.
  5. Entry: σμινθε?? at Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon
  6. Burkert 1985:116, section II.8.5 ≪Oracles≫
  7. Herbert William Parke, The Delphic Oracle
  8. Ν?μο? 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert fra originalen 30. juli 2023 , henta 7. september 2023
     
  9. Folketeljing 2011, revidert

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Geologi ved Delfi
Bilete