Davos

Koordinatar : 46°48′0″N 9°50′0″E  /  46.80000°N 9.83333°E  / 46.80000; 9.83333
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Davos
Øvst: Sertigdalen, Midten venstrre World Economic Forum kongressenter, Midten høgre: Davossjøen, Nedst: Davos
Øvst: Sertigdalen , Midten venstrre World Economic Forum kongressenter, Midten høgre: Davossjøen , Nedst: Davos
Øvst: Sertigdalen , Midten venstrre World Economic Forum kongressenter, Midten høgre: Davossjøen , Nedst: Davos
Kommunevåpenet til Davos
Kommunevapenet til Davos


Plassering
Davos is located in
Styresmakter
Land   Sveits
Kanton Graubunden
Distrikt Prattigau/Davos
Geografi
Flatevidd
 - kommune

283,99 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

11 166
  39,3 /km²
Koordinatar 46°48′0″N 9°50′0″E  /  46.80000°N 9.83333°E  / 46.80000; 9.83333
Høgd over havet 1560 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7260 Davos-Dorf
7270 Davos-Platz
Nettstad: www.gemeinde-davos.ch

Davos ( tysk ) eller Tavau ( retoromansk ) er ein by i det austlege Sveits , i den fleirspraklege kantonen Graubunden . Kommunen har 11 166 innbyggjarar (2010) og eit areal pa 284  km² , og er den nest største kommunen i Sveits etter areal. Byen ligg 1 560 meter over havet og er den høgstliggjande byen i Europa.

Byen Davos er langstrakt, da han ligg i eit ganske trongt dalføre, Landwassertal . Byen bestar i realiteten av to samanvaksne smabyar, Davos-Dorf i sør og Davos-Platz (den eigentlege byen) i nord. Fra begge bydelane gar det kabelbane ; Parsenn Bahn fra Davos-Dorf og Schatzalp-Bahn fra Davos-Platz.

Davos er særleg kjend som vintersportsstad , men har sidan 1970-ara ogsa vore vertsby for dei arlege møta til Verdas økonomiske forum . I omradet er det 5 651 hotellsenger, og elles 16 100 senger i husvære eller private rom. Kommunen har arleg til saman 2,1 millionar overnattingar.

I Davos ligg dessutan fleire forskingsinstitutt for medisin og snø- og snørasstudiar.

Davos vart eit populært reisemal da legar vurderte klimaet som framifra, og radde pasientar med lungesjukdomar søke opphald. Dei første kurgjestane kom i 1865. Fra 1880-ara vart byen berømt som vintersportsstad, spesielt for turistar fra Storbritannia og Nederland . I dag er han den tredje største turiststaden i Sveits malt i mengda gjestedøger etter storbyane Zurich og Geneve .

Davos Eisstadion er ei legendarisk naturisbane, kjent for sin glatte is. Fra 1898 til 1992 vart det sett mange verdsrekordar pa bana. Oscar Mathisen sette i 1914 sin legendariske 1500-meterrekord pa 2.17,4, pa bana, ein rekord som vart staande til han vart slatt pa same stadion, 23 ar seinare.

Handlinga i Thomas Mann sin kjende roman Trolldomsfjellet er lagt til Davos.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]