한국   대만   중국   일본 
Datavirus ? Wikipedia Hopp til innhald

Datavirus

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Datavirus eller virus er eit slags program som har som eigenskap at den kan reprodusere seg sjølv fra ei infisert vertsmaskin til ein anna. Eit datavirus kan spreie seg ved a kopiere programkoda inn i andre køyrbare filer, datamaskinas oppstartsektor, eller gjennom dokumentmakroar . Nar ei infisert datafil vert kopiert over til ei uinfisert maskin, vil programkoden byrje a kopiere seg sjølv til kvar fil som seinare vert lagra pa den infiserte maskina.

Ormar [ endre | endre wikiteksten ]

Ein variant av virus er ormar , som ikkje treng nokon vert for spreiing. Den har sjølv dei mekanismane som trengst for spreiing, men oppfører seg elles pa same maten som virus.

I tillegg til reproduksjon, kan bade virus og ormar ha andre funksjonar. Desse funksjonane kan vere harmlause, til a kunne vere svært destruktive ved a slette all data pa harddiskar og anna lagringsmedia som seinare nyttast i den infiserte maskina. Nokon virus og ormar er tidsbomber som gar av ved eit viss tidspunkt, eller logiske bomber som gar av etter ei viss handling. Ofte vert ormar nytta til a avlytte brukarens passord for a skaffe kontroll og ta over maskina.

Det minste kjente dataviruset er pa 13 byte.

Trojansk hest [ endre | endre wikiteksten ]

Ein annan variant er Trojansk hest . Dette er uønskte programvare som utgjev seg for a vera noko heilt anna, eit produkt som folk gjerne vil ha. Dess meir populært det er, jo større vert risikoen for at programvara vert lasta ned. Trojanske hestar kan og ha funksjonar som gjev brukaren inntrykk av at programvara som er nedlasta er reell, sa den skjulte programvara kan operere fritt. Ofte inneheld Trojanske hestar spionprogramvare , men kan og innehalde virus som startar a spreie seg etter at det er lasta inn.