Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
- For brennevinet med same namn, sja
konjakk
Cognac
er ein by og kommune vest i
Frankrike
. Han er
sous-prefecture
(underprefektur) i
departementet
Charente
i
regionen
Nouvelle-Aquitaine
. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar, som vert kalla
cognacais
.
Cognac ligg ved elva
Charente
mellom byane
Angouleme
og
Saintes
. Mesteparten av byen er bygd pa venstresida av elva, medan ein mindre del, kalla Saint Jacques, ligg pa høgresida.
Byen ligg langs ein av pilegrimsrutene til
Santiago de Compostella
.
Byen vart først kjend pa
800-talet
, og etter kvart vart det bygd festningsverk her. Under
Hundrearskrigen
byta byen sider fleire gongar pa grunn av kampar og traktatar i omradet.
Frans I
gav byen rettar til a handle
salt
langs elva, noko som var ein kommersiell suksess for byen. Dette førte sa til at byen utvikla seg til eit sentrum for produksjon av
vin
og seinare
konjakk
.
- For meir om dette emnet, sja
Konjakk
.
Byen har gjeve namn til ein av dei mest kjende typane av brennevinet
brandy
eller
eau de vie
i verda. Brennevin med dette namnet kan berre lagast i visse omrade rundt byen Cognac, og ein ma følgje strenge reglar for at ein skal kunne kalla det konjakk.
Hovudnæringa i omradet er produksjon av konjakk. Industriar som omhandlar dette er:
- Produksjon av jordbruksutstyr.
- Tapping, lagring og merking
- Jordbruksindustri som gjødselsproduksjon.
- Destilleringsprodukt som brenneri og tankar.
- Tønnemaking
- Glassmaking: Flaksefabrikken til den store Saint-Gobain-gruppa ligg i Cognac
- Produksjon av korkar
- Trykking av etikkettar og reklame
- Pakking
- Transport
Jordbruksomrade som ikkje passar til vinproduksjon, hovudsakleg lagtliggande omrade som er utsett for frost, vert brukt til a dyrke korn.