Christian Olsson

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Christian Olsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 25. januar 1980 (44 ar)
Goteborg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004 , Sommar-OL 2000

John Christian Bert Olsson ( fødd  25. januar   1980 ) er ein svensk , tidlegare friidrettsutøvar fra Goteborg som spesialiserte seg i tresteghopp. Han vart bade olympisk meister, verdsmeister og to gongar europameister. Olsson vart svensk meister i tresteghopp fem gongar og ein gong i lengdehopp.

Aktiv [ endre | endre wikiteksten ]

Olsson byrja som høgdehoppar. Han vart junior-europameister i øvinga i 1999, i tillegg fekk han sølv i tresteg-tevlinga i same meisterskapen. Sesongane 1999-2001 tok han medaljar i høgdehopp i den svenske senior-meisterskapen, i 2000 vart han svensk meister i tresteghopp for fyrste gong.

Det store gjennombrotet fekk Olsson i 2001 da han under verdsmeisterskapen i Edmonton for fyrste gong hoppa over 17 metter i tresteg og kom pa sølvplassen, gullet tok Jonathan Edwards fra Storbritannia . Aret etter slo han Edwards for fyrste gong og vart europameister i øvinga i Munchen . I 2003 vart han suveren verdsmeister i Saint-Denis .

Vinteren 2004 sette Olsson verdsrekord innandørs med 17,83 m, da han vann hall-verdsmeisterskapen i Budapest . Under OL i Athen sigra han trestegfinalen pa ny svensk rekord; 17,79 m, eit resultat som vart hans endeleg personlege rekord. Den 12. september vann han avslutningstevlinga i den sakalla ≪Golden League≫ og kunne dele gullpotten pa 1 million US-dollar med Tonique William-Darling fra Bahamas, etter a ha vunne samtlege seks tevlingar i turneringa.

I 2005 var han skadd og deltok ikkje i VM, men aret etter tok han sin andre EM-tittel i heimbyen Goteborg. Fra 2007-sesongen gjekk Olsson mykje skadd, og tevla berre i korte periodar. Han sleit ogsa med a prestere pa same niva som han hadde gjort i sine beste sesongar.

Olsson vann trestegtevlinga i fem svensk meisterskap; 2000, 2001, 2003, 2009 og 2011. I 2006 vart han svensk meister i lengdehopp. Han noterte seg for fylgjande personlege rekordar; høgdehopp 2,24 m (2002), lengdehopp 7,69 m (2002) og tresteghopp 17,79 m (2004). Varen 2012 gjorde han kjent at han hadde lagt opp som friidrettsutøvar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]