Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Chemnitz
(
sorbisk
Kamjenica
,
tsjekkisk
Saska Kamenice
) er ein by i
Tyskland
i
delstaten
Sachsen
med om lag 245 000 innbyggjarar. Byen ligg ved foten av
Erzgebirge
, og er kalla opp etter elva
Chemnitz
, ei lita sideelv til
Zwickauer Mulde
. Ordet Chemnitz kjem fra
sorbisk
og tyder ≪steinete elv≫
Ein tidleg
slavisk
busetnad nær Chemnitz var kalla
Kamienica
. I
1143
var det eit
benediktinarkloster
der byen er i dag. Ein busetnad voks fram rundt klosteret og rundt
1170
vart byen gjort til
fri keisarby
av
Fredrik I av Det tysk-romerske riket
. I
1307
kom byen inn under
markgrevskapet Meissen
(som var ein føregangar til staten Sachsen). I mellomalderen vart Chemnitz eit senter for tekstilproduksjon og handel. Meir enn ein tredjedel av folkesetnaden arbeidde i tekstilindustrien, og slik var det fram til
den industrielle revolusjonen
. Fabrikkar vart bygd og tidleg pa
1800-talet
hadde Chemnitz vorte eit industrisenter (stundom kalla ≪Sachsen sitt svar pa
Manchester
≫). I
1913
hadde Chemnitz eit folketal pa 320 000 innbyggjarar, og er ein av fa byar som var større pa den tida enn i dag. 1938 hadde Chemnitz 360000 innbyggjarar.
Under
den andre verdskrigen
lag det ein underleir av
Flossenburg konsentrasjonsleir
her. Dei 500 kvinnelege fangane var
slavearbeidderar
for
Astra-Werke AG
.
[1]
Under krigen produserte fabrikkane i Chemnitz hovudsakleg varer for militæret, og vart av den grunn kraftig bombardert og nesten heilt jamna med jorda.
Den
austtyske
regjeringa valde a gjere Chemnitz til ein sosialistisk mønsterby. Bydelar fulle med betongbygningar vart reist rundt sentrum av byen, og fa av bygningane før krigen vart gjenreist. I 1953 vart Chemnitz gjeve namnet
Karl-Marx-Stadt
(≪
Karl Marx
By≫). Han fekk tilbake det gamle namnet sitt
21. juni
1990
.
Chemnitz har visstnok den lagaste fødselsraten i verda.
[2]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Chemnitz