Charlotte's Web

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Charlottes tryllevev
Charlotte’s Web
Forfattar(ar) E. B. White
Sprak engelsk
Sjanger barneroman , eventyr
Utgjeven 1952
Forlag Harper
Illustratør Garth Williams

Charlotte's Web (norsk tittel Charlottes tryllevev ) er ei amerikansk barnebok fra 1952 skriven av E.B. White og illustrert av Garth Williams . Boka handlar om grisen Wilbur og venskapen hans med vevkjerringa Charlotte. Boka vart svært populær, er rekna som ein moderne klassikar i USA , og appellerer bade til born og vaksne. I 2000 oppførte Publishers Weekly boka som den mest selde barneboka nokosinne.

Handling [ endre | endre wikiteksten ]

Boka byrjar med at purka til bonden John Arable føder eit kull med grisungar, og bonden oppdagar at ein av dei er mindre og svakare enn dei andre. Han bestemmer seg for a avlive grisungen, men den atte ar gamle dottera hans, Fern, bed faren om a spare livet til grisungen. Faren gjev henne grisungen som eit kjæledyr og jenta gjev grisen namnet Wilbur. Grisungen er hyperaktiv og er alltid pa utforsking etter nye ting. Han bur med Fern i nokre veker og vert seinare selt til onkelen hennar, Homer Zuckerman. Fern vitjar grisen Wilbur hja onkelen sa ofte ho kan, men ho kjem gradvis sjeldnare innom etter kvart som ho vert eldre, og Wilbur kjenner seg gradvis meir einsam. Grisen vert etter kvart kjent med vevkjerringa Charlotte.

Wilbur kjem med i ein fellesskap av dyr som bur i kjellaren i fjøset til Zuckerman. Nar ein gamal sau i kjellaren seier at Wilbur kjem til a verte slakta og eten opp til jul, søkjer Wilbur hjelp fra Charlotte. Vevkjerringa far ideen om a skrive ord i vevet hennar der ho framhevar kor framifra Wilbur er, og grunngjev med at dersom ho klarer a gjere Wilbur kjent nok vil han unnga a verte slakta. Takka vere hjelpa fra Charlotte og rotta Templeton, overlever Wilbur og fer attpa til eit fesja der han vinn ein pris. Charlotte døyr pa fesjaet sidan ho har nadd enden av den naturlege levetida si. Wilbur gjengjelder Charlotte ved a ta eggsekken ho la under fesjaet før ho døydde med seg heim. Nar egga til Charlotte klekker i fjøset til Zuckerman reiser dei fleste av vevkjerringane av garde for a bu andre stader, utanom tre av dei: Joy, Aranea og Nellie, som vert verande i lag med Wilbur.

Filmatisering [ endre | endre wikiteksten ]

Boka har vorte filmatisert to gonger. Fyrst i 1973 med Debbie Reynolds i hovudrolla som Charlotte. Henry Gibson spelte Wilbur, og komikaren Paul Lynde spelte Templeton. I 2006 vart boka filmatisert pa nytt og Dakota Fanning spelte rolla som Fern.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]