한국   대만   중국   일본 
Charge d'affaires ? Wikipedia Hopp til innhald

Charge d'affaires

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Charge d'affaires er tittelen til to ulike kategoriar diplomatar av lagare rang, altsa utsendingar til eit anna land som skal vareta heimlandet sine interesser der. Kategoriane er charges d'affaires en pied ( ministres charges d'affaires , stasjonssjefar) og charges d'affaires per interim (mellombels stasjonssjef), eller charges des affaires . Uansett kategori er desse høgaste representant for sin nasjon i mottakarstaten, og har dei same privilegia og diplomatisk immunitet som andre diplomatar.

Omgrepet charge d'affaires er fransk og betyr ≪ansvarleg for forretningane≫. Det blir uttala [ ?ar?e daf?r ]. Fleirtalsforma er charges d'affaires .

Charges d'affaires en pied [ endre | endre wikiteksten ]

Charges d'affaires en pied ( ministres charges d'affaires , stasjonssjefar) førekjem nar statane har diplomatisk samkvem, men der det av ein eller annan grunn ikkje er nokon ambassadør i mottakarstaten. Dette kan vere fordi ein ambassadør er utnemnd til fleire statar, og har fast tilhald i ein ambassade i eit av dei andre landa. Her kan da somme gongar vere eit ambassadekontor i mottakarstaten, leia av ein charge d'affaires .

Andre gongar har dei diplomatiske forholda mellom statane vore vanskelege, og ein har latt vere a utnemne ambassadør, og latt den diplomatiske representasjonen blitt leia av ein charge d'affaires . Dette kan bade vere fordi sendarstaten ynskjer a markere misnøye ved ikkje a utnemne ambassadør, eller mottakarstaten av same grunn ikkje ynskjer a ta mot ein ambassadør. Ein av forskjellane er at ein ambassadør ma levere sine akkreditiv hos statssjefen , medan ein charge d'affaires leverer sine i mottakarstaten sitt utanriksdepartement . I somme tilfelle har ein slik tilstand mellom to statar vart i mange ar.

Charges d'affaires per interim [ endre | endre wikiteksten ]

Charges d'affaires per interim er tittelen pa den diplomaten som styrer den diplomatiske representasjonen mellombels nar ambassadøren er fraverande, eller mellom to ambassadørar sine embetsperiodar.

Sja ogsa [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]