한국   대만   중국   일본 
Chanson ? Wikipedia Hopp til innhald

Chanson

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Chanson er eit fransk ord for song . Det finst bade tradisjonelle og moderne former, fra mellomalderen og renessansen fram til i dag. dei moderne, tradisjonelle chansons vert ofte akkompagnert av eit trekkspel . Ordet nyttast elles i fleire samanhengar:

  • om franske songar med poetiske , forteljande tekstar.
  • som namn pa den mest vanlege maten poetiske, forteljande tekster tolkast . Ein songar som har spesialisert seg i denne maten a tolke songar pa vert kalla ein chansonnier (eller chansonist og chansonkunstnar pa norsk).
  • om europeiske songar innan kabaret - og i varietesjangeren
  • i engelsktalande land kan chanson tyde at det er tale om ein song med fransk tekst.
  • om trubadurane sine songar, kjent fra mellomalderen og renessansen.
  • heltedikt fra den tidlege mellomalderen, Chansons dei gestes , som vart deklamert etter minnet.

Mellomalderen og renessansen [ endre | endre wikiteksten ]

I denne tida var ein chanson ein polyfonisk fransk song, der dei tidlege oftast ville vere skrive i ein formes fixes som ballade , rondeau eller virelai . Enkelte komponistar kom seinare til a bruke meir generell poesi i varierande formsprak. Dei tidlegaste vart skriven for to, tre eller fire stemmer. Fram ein byrja a skrive for fire stemmer pa 1500-talet var tre stemmer mest vanleg.

Guillaume de Machaut var den første komponisten av chansons som vert rekna for a vere viktig. Pa 1300-talet komponerte han verk for tre stemmer, skriven i formes fixes . Pa 1400-talet er Guillaume Dufay og Gilles Binchois fra Burgund dei viktigaste, dei har ein enkel stil med tre stemmer. Seinare, pa 1400- og 1500-talet , kjem Johannes Ockeghem og Josquin Des Prez . I komposisjonane deira ser vi at lyrikken vert friare, dei flyttar seg bort fra formes fixes og tok til a etterlikne stilen som finst i motettane pa denne tida og liturgisk musikk. Midt pa 1500-talet komponerer Claudin de Sermisy og Clement Janequin det som vert kalla parisiske chansons. Dei brukar ikkje formes fixes og er meir einfelte og homofoniske . Mange av desse verka vart gjevne ut av Pierre Attaingnant . Fra og med denne generasjonen vart komponistane av chansons paverka av italienske madrigalar . Mange tidlege instrumentalstykke er diminutive, eller ornamenterte variasjonar over chansons. Denne sjangeren gjekk over i canzone som er ein førgjengar for sonaten .

Fransk solo-song oppstod i løpet av 1500-talet, truleg utvikla det seg fra dei nemnte parisiske chansons . Pa 1600-talet blømde mellom anna sjangrane air dei cour og chanson pour boire . Desse vart som oftast akkompagnert av lutt eller tangentinstrument . Mellom komponistane i denne perioden finn ein Antoine Boesset , Denis Gaultier , Michel Lambert og Michel-Richard Lalande .

Pa 1700-talet vart vokalmusikken i Frankrike dominert av opera og først pa 1800-talet vart solo-song ≪gjenoppdaga≫. Først innanfor den romantiske salong-musikken, men i midten av hundrearet, vart dette endra til sofistikerte musikkstykke inspirert av tyske lieder . Louis Niedermayer var ein av dei viktigaste personane i denne rørsla, han hadde lete seg inspirere av Franz Schubert . Andre komponistar som følgde han var mellom anna Eduard Lalo og Felicien David . Seinare i same hundrear følgde fleire komponistar deira døme og komponerte stykke dei kalla melodie eller chanson , til desse høyrer Ernest Chausson , Emmanuel Chabrier , Gabriel Faure og Claude Debussy . Denne tradisjonen har vorte halde ved like pa 1900-talet av mange nyare, franske komponistar.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]