Cape Coast

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Cape Coast
by
Land   Ghana
Kart
Cape Coast
5°06′N 1°15′W  /  5.1°N 1.25°W  / 5.1; -1.25
Wikimedia Commons: Cape Coast

Cape Coast (tidl. portugisisk namn Cabo Corso ) er ein by i Ghana , ved Guineabukta . Han er hovudstad for Central Region . Byen ligg ca. 165 km vest for den ghanesiske hovudstaden Accra .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Cape Coast sentrum

Byen blei opphavleg grunnlagd av portugisarane pa byrjinga av 1600-talet som ein handelsstasjon. Det blei først bygd eit handelsfort, og byen voks fram rundt dette fortet. Portugisarane handla opphavleg med ashantiar og andre folkegrupper om gull , jordbruksvarer og liknande. Seinare utvikla staden seg til ein av dei sentrale handelsstasjonane for slavehandel . Byen blei seinare tatt over av nederlendarane, som bygde ut fortet til eit slott i 1637. Dette blei vidare bygd ut av svenskane i 1652, og erobra av britane i 1664. Danmark-Noreg kontrollerte og Cape Coast ei tid. Britane brukte Cape Coast som hovudsetet sitt for sine operasjonar pa Gullkysten , før dei gjorde Accra til hovudstad for Gullkysten i 1877 . Cape Coast Castle er framleis bevart i byen, og star no pa UNESCO si liste over verdsarv . Eit anna fort fra 1820 , Fort William , ligg pa ei høgde over byen.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]