한국   대만   중국   일본 
Cap-Haitien ? Wikipedia Hopp til innhald

Cap-Haitien

Koordinatar : 19°45′N 72°12′W  /  19.750°N 72.200°W  / 19.750; -72.200
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

19°45′N 72°12′W  /  19.750°N 72.200°W  / 19.750; -72.200

Cap-Haitien
by
Land   Haiti
Areal 53 500 000  km²
Folketal 190 289 (2013)
Kart
Cap-Haitien
19°45′N 72°12′W  /  19.75°N 72.2°W  / 19.75; -72.2
Wikimedia Commons: Cap-Haitien
Cap-Haïtien is located in Haiti
Cap-Haitien avmerkt pa Haiti-kartet

Cap-Haitien ( haitisk Okap eller Kap Ayisyen ) er ein by pa nordkysten av Haiti . Byen hadde i 2005 eit estimert innbyggjartal pa 134 815. Han er hovudstaden i departementet Nord . Under kolonitida heitte han ≪Cap-Francais≫.

Dei sentrale delane av byen ligg mellom Cap-Haitien-vika i aust og nærliggjande fjellsider i vest. I desse fjellsidene finn ein hovudsakleg brakkebyar. Gatene er generelt sett smale og arrangerte i rutenett.

Den vesle flyplassen rett sørvest for byen vert brukt av ein rekkje sma innanriksføretak. Ei internasjonal linje flyg til Fort Lauderdale i Florida .

Den store avstanden til hovudstaden Port-au-Prince i kombinasjon med det darlege vegnettet har ført til at Cap-Haitien stadig har vore arnestad for opprør. I februar 2004 vart byen teken over av kuppmakarar som var imot regjeringa under president Jean-Bertrand Aristide , og opprøret førte etter ei tid til at Aristide mista makta.

Galleri [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 ≪Haiti. Cities & Towns≫ .