한국   대만   중국   일본 
Canyon ? Wikipedia Hopp til innhald

Canyon

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bryce Canyon i Utah

Ein canyon (via engelsk, av spansk canon , 'røyr, trakt') [1] er ein dal med steile sider som er oppstatt ved at ei elv har grave seg ned gjennom hard berggrunn. Dei blir ofte danna av elver i dei øvre løpa sine der straumen deira er sterk og rask. [2] Ordet blir brukt om store dalar av denne typen, medan mindre dalar blir kalla gjel eller juv .

Verdas mest kjende canyon er Grand Canyon i USA , [3] som har rundt 1,6 km høge dalsider. [4] Det finst lengre og djupare canyonar i Kina, Nepal og Peru. I Noreg er det fleire mellomstore canyonar. Sautso ved Alta er den mest kjende i Noreg. [3] Han er ca. 400?425 meter djup og 7,5 km lang og ligg øvst i Altaelva i Finnmark .

Sautso

Ein annen kjend norsk canyon er Jutulhogget , som er 100?240 meter djup og 2,5 km lang. Han gar fra Østerdalen til Rendalen og stammar fra slutten av den siste istida .

Hellemojuvet ved Tysfjorden i Nordland er ogsa kjend. Han er forma av Hellemoelva .

Det blir ogsa danna gjel med liknande form pa kontinentalsoklar eller kontinentskraningar under havoverflata. Desse er danna gjennom utrasing og suspensjonsstraumar eller turbiditetsstraumar. [3] Sidene i desse gjela kan vera fleire tusen meter høge. [4] Grand Bahama Canyon har nesten 5 km høge sider. [4]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪canyon≫ i Nynorskordboka .
  2. ≪Canyon | geology≫ , Encyclopedia Britannica (pa engelsk) , henta 2. september 2021  
  3. 3,0 3,1 3,2 ≪canyon≫ . Store norske leksikon (pa norsk bokmal). 18. september 2020.  
  4. 4,0 4,1 4,2 ≪Submarine canyon | geology≫ , Encyclopedia Britannica (pa engelsk) , henta 2. september 2021  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Canyon