한국   대만   중국   일본 
Camille Pissarro ? Wikipedia Hopp til innhald

Camille Pissarro

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Camille Pissarro

Statsborgarskap Frankrike, Danmark
Fødd 10. juli 1830
Charlotte Amalie pa Dei amerikanske Jomfruøyane
Død

13. november 1903 (73 ar)
Paris

Yrke pastellist , bygningstegner , litograf , grafikar , kunstmalar , grafikar
Sprak fransk
Far Frederic-Abraham-Gabriel Pissarro
Mor Rachel Pissarro
Ektefelle Julie Vellay
Camille Pissarro pa Commons
Pisarro og kona Julie Vellay i 1877.

Camille Pissarro , Jacob Abraham Camille Pissarro , ( 10. juli   1830 13. november   1903 ) var ein fransk impresjonistisk kunstmalar .

Liv [ endre | endre wikiteksten ]

Camille Pissarro vart fødd i Charlotte Amalie pa St. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein sefardisk jøde fra Frankrike , og Rachel Manzano-Pomie, fra Den dominikanske republikken . Pissarro budde pa St. Thomas til han var tolv ar gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris . Han vende attende til St. Thomas for a fa opplæring i forretninga at faren. Under denne tida brukte han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela saman med den danske kunstnaren Fritz Melbye . I 1855 flytte han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmalaren Camille Corot .

Camille Pissarro døydde i Eragny-sur-Epte den i 1903 og vart gravlagd pa Pere Lachaise -gravlunden i Paris .

≪Hagen i Pontoise≫, mala av Pissarro i 1877 .

Kunst [ endre | endre wikiteksten ]

Pissarro kom til a bli kjend som ≪impresjonismens far≫. Han mala bilete med fransk tematikk — særleg landskapsbilete , bilete av gardsarbeidarar og scener fra Montmartre . Han reiste sa til Paris att for a undervise, og blant studentane hans kan nemnast Paul Cezanne og Paul Gauguin .

I mars 1893 sette parisgalleriet Durand-Ruel opp ei større utstilling med 46 av kunstverka at Pissarro saman med 55 kunstverk av Antonio de La Gandara . Men medan kritikarane priste Gandara var dei tydeleg mindre entusiastiske over Pissarro sin kunst.

I levetida si selde Pissarro berre nokre fa av bileta sine. I ettertida har livsverket hans vorte sett mykje høgare, og føre 2005 har pissarrobilete vortne selde for kring 4 millionar amerikanske dollar .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]