한국   대만   중국   일본 
Bygning ? Wikipedia Hopp til innhald

Bygning

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Trebygning i Smoky Mountains i Tennessee.

Bygning eller bygnad er eit byggverk som etter nokre definisjonar har som hovudfunksjon a gje vern til det eller dei som er inni. [1] Det er vanlegvis ein frittstaande, permanent konstruksjon som er heilt eller delvis innelukka rundt eit eller fleire rom . Døme pa bygningar er hus , hytte , hall , hangar , blokk og driftsbygning . [2]

Konstruksjon [ endre | endre wikiteksten ]

Bygningar blir ofte laga i treverk , murstein eller betong , men det finst ogsa ei rekkje andre moglege byggjemateriale, som bambus, greiner, leire, lettklinke , blekkplater og anna.

Ulike bygningsdelar kan vera grunnmur , golv , veggar og tak . Bygningar kan ha ein eller fleire etasjar , og eventuelt loft og kjellar . Etasjar kan vera skilde med etasjeskiljar .

Det ein reknar som framsida av ein bygning blir kalla ein fasade . Delar av bygningen kan vera ein bakbygning, som ligg bak hovuddelen av bygningen, ei fløy eller sidebygning som ligg pa sida, eit tilbygg som er bygt til seinare, eller eit utbygg, som er ein utstikkande del av hovudbygningen.

Typar [ endre | endre wikiteksten ]

Det finst ei rekkje typar bygningar som kan ha ulike utformingar og funksjonar, som galleri , observatorium eller bathus .

Dei kan ha namn etter staden ein finn dei, som dekkshus om bygningar pa eit skipsdekk , eller hagehus om mindre bygningar i hagar eller parkar.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Byggordboka - Bygning≫ , www.byggordboka.no , henta 1. mai 2021  
  2. ≪bygning≫ i Nynorskordboka .