한국   대만   중국   일본 
Buq'ata ? Wikipedia Hopp til innhald

Buq'ata

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Buq'ata
??????
landsby
Vegen inn til Buqata
Land   Syria ,   Israel
Israelsk distrikt og underdistrikt Nord-distriktet , Golan
Syrisk guvernement og distrikt Quneitra guvernement , Quneitra-distriktet
Stad Golanhøgdene , ( Internasjonalt anerkjend som syrisk territorium okkupert av Israel )
 •  høgd 1 070  moh.
 - koordinatar 33°12′N 35°47′E  /  33.200°N 35.783°E  / 33.200; 35.783
Areal 19,54  km²
Folketal 5 700   (2007)
Kart
Buq'ata
33°12′05″N 35°46′47″E  /  33.201388888889°N 35.779722222222°E  / 33.201388888889; 35.779722222222
Wikimedia Commons: Buqata

Buq'ata ( arabisk ??????, hebraisk ???????????) er ein drusarby nord i Golanhøgdene , i dag administrert av Israel . Dei fleste innbyggjarane har syrisk borgarskap. Buq'ata dekkjer eit omrade pa 7 km² mellom Hermonit og fjellet Varda. Han ligg 1 070 meter over havet. I 2007 var folketalet 5 700. [1]

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Buq'ata vart grunnlagd i 1880-ara av familiar fra nabobyen Majdal Shams . Han vart øydelagd i 1888 under ei rekkje kampar mellom rivaliserande landsbyar i omradet, og igjen i 1925 under det store syriske opprøret mot det franske mandatstyret . Han vart ein del av det sjølvstendige Syria i 1946. I løpeg av seksdagarskrigen i 1967, vart byen erobra av Israel. Buq'ata fekk israelsk kommunestatus i 1982.

Sidan opprøret i Syria, har noko valdeleg uro breidd seg over til Buq'ata, der innbyggjarar som er lojale overfor president Bashar al-Assad i Damaskus har slost mot opprørarar. [2]

Demografi [ endre | endre wikiteksten ]

Innbyggjarar i Buq'ata har permanent innbyggjarstatus i Israel ogo har rett til israelsk borgarskap. Dei mottar lokale sosialhjelp fra Israel og dei produserer varer for israelske distributørar. [3]

Økonomi [ endre | endre wikiteksten ]

Hovudnæringa er hovudsakleg jordbruk , med eple og druer som dei viktigaste avlingane. I 2013 hausta Buq'ata 55 000 tonn eple, som er selde til marknader i Israel eller eksporterte til Syria. [3]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]