Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bronx
er ein bydel i
New York
i USA som ligg mellom
Hudsonelva
og
East River
. Bydelen dekkjer rundt 150 km², der kring 110 km² er landareal. Han har rundt 1 456 000 innbyggjarar (2015). Bronx er den einaste bydelen i New York som ligg pa fastlandet. Ei rekkje bruer over
Harlemelva
bind Bronx saman med
Manhattan
, medan bydelen er knytt til
Long Island
med tre bruer over East River. Bronx er først og fremst eit bustadomrade, men store delar av sjøfronten blir brukt til hamneføremal, lager og industri.
[3]
Namnet ≪Bronx≫ stammar fra færøyingen og prestesonen Jonas Jonasson Broncks, som busette seg i Nieuw-Nederland i 1639. Da hadde staden 400 innbyggjarar. Elva nær garden hans fekk namn etter ham, og heile omradet fekk namnet ≪Bronck's Land≫. Med tida blei dette endra til Broncksland eller berre Broncs', før det til slutt ende opp som ≪Bronx≫.
[3]
Folketalet auka kraftig i perioden 1890 til 1940 (fra ca. 89 000 til ca. 1,4 millionar). Etter andre verdskrigen og fram mot 1990-ara var bydela preget av forfall og forslumming. Særleg omrada South Bronx og Hunt's Point utvikla seg til nokre av dei verste slumstrøka i New York, med eit stort innslag av narkomane og kriminelle. Folketalet sokk fra 1970 til 1980 med over 20 %, til ca. 1,17 millionar. Ved hjelp av ulike byfornyingstiltak har styresmaktene prøvd a hindra vidare vekst av slummen, og Bronx har seinare opplevd vekst slik at folketalet gjekk tilbake til 1970-niva.
[3]
U.S. Census dokumenterer at Bronx er det omradet i heile USA med størst variasjon i etnisk bakgrunn blant innbyggjarane. 54,6 % har Hispanic eller Latino-bakgrunn, der den største gruppa kjem fra
Puerto Rico
. 43,3 % er svarte eller
afroamerikanarar
.
[3]
Det finst fleire universitet i bydelen, mellom anna
Fordham University
, eit av dei eldste katolske universiteta i USA, og andre høgare lærestader. I Bronx ligg Yankee Stadium som først blei bygd i 1923 og deretter rive og totalt nybygd i 2009. Stadionet er mest kjend som heimebane for baseballaget
New York Yankees
, men har husa mange ulike tilstellingar innan
amerikansk fotball
,
fotball
,
boksing
, religiøse møte og popkonsertar. Etter
terrorangrepet i New York 11. september 2001
blei det halde ei stor minnegudsteneste i Yankee Stadium. Bronx Zoo er ein av dei største dyrehagane i verda med over 650 dyreartar og meir enn 4000 individ. Dyrehagen har over 2,2 millioner vitjande kvart ar.
[3]
- ↑
1,0
1,1
1,2
1,3
https://public.tableau.com/shared/3ZDY8K6RS
; vitjingsdato: 4. september 2021.
- ↑
2,0
2,1
2,2
2,3
https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020
; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑
3,0
3,1
3,2
3,3
3,4
≪Bronx≫
.
Store norske leksikon
. 28. desember 2016.