한국   대만   중국   일본 
Brikt Jensen ? Wikipedia Hopp til innhald

Brikt Jensen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Brikt Jensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1928
Bergen
Død

14. november 2011 (83 ar)

Yrke skribent
Born Ingebrigt Steen Jensen

Brikt Jensen ( 15. september   1928 14. november   2011 ) var ein norsk forleggjar, forfattar, professor og programleiar fra Bergen .

Biografi [ endre | endre wikiteksten ]

Etter oppveksten i Bergen og noko arbeid i avisa Dagen , starta Jensen studia sine ved Universitetet i Oslo i 1949. Her vart han utdanna til mag. art, cand. philol og fekk doktorgrad i litteraturhistorie i 1964. Doktorgradsavhandlinga handla om den franske forfattaren Francois Mauriac og hadde tittelen Diktning eller psykologi .

Fra 1957 - 1959 jobba Jensen som lektor i norsk ved Universitetet i Strasbourg , og etter eit par nye stillingar vart han tilsett som kontorsjef ved UiO. Han tok ogsa til som litteraturkritikar, bade i Frisprog og Verdens Gang . Da Jensen i 1962 skreiv ei innstilling til kyrkje- og undervisningsdepartementet , bidrog han sterkt til skipinga av Norsk kulturrad og Norsk kulturfond . Han fekk Bastianprisen i 1964 for si omsetjing av Andre Gide si Falskmynterne .

I 1964 vart han redaktør i Gyldendal sitt tidsskrift, Vinduet , og aret etter vart han assisterande direktør i Gyldendal. Jensen fekk mykje a seia for forlaget Gyldendal, da han var administrerande direktør fra 1970 - 1980 og deretter hovudkonsulent.

I 1984 vart han programleiar for NRK sitt Bokstavelig talt , ein litterær fjernsynsserie. I 1988 vart han utnemnd til professor II i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen . I 1990-ara jobba han ogsa som litteraturanmeldar i Dagbladet .

Brikt Jensen vart i sitt fyrste ekteskap far til Ingebrigt Steen Jensen . Hans andre ekteskap varte fram til kona døydde i 2003.

Verv [ endre | endre wikiteksten ]

Verk (utval) [ endre | endre wikiteksten ]

  • Diktning eller psykologi? dr.avh., 1963
  • Glimt fra det 20. arhundres litteratur , 1966
  • Brev fra et steinhus , 1976
  • Hver dag , 1980
  • Et varig vennskap. 46 brev fra Nordahl Grieg til Nils Lie 1928?43 , 1981
  • Sigurd Hoel om seg selv , 1981
  • Det moderne gjennombruddet i nordisk litteratur , 1986
  • Fotnoter til en uskreven bok , 1988
  • Var egen litteratur. Brikt Jensens lesebok for de tusen hjem , 1991
  • Selvangivelse , 1993
  • Min korsikanske landsby , 1995
  • Ordsprakleksikon , 1996
  • Pa sporet av det 20. arhundre. En litterær reise 1900?1951 , 2 bind, 1999?2000

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]