Bosnisk
er eit
sørslavisk sprak
tala i
Bosnia-Hercegovina
, der det er
offisielt sprak
, og av utvandra
bosnjakar
. Det blei offisielt skild ut fra
serbokroatisk
pa midten av 1990-talet. Spraka som i dag er kjend som
serbisk
,
kroatisk
og
montenegrinsk
er gjensidig forstaelege med bosnisk, men det finst forskjellar. Mellom anna kan nemnast færre ulike spraklydar og fleire
lanord
fra
tyrkisk
,
persisk
og
arabisk
.
Bosnisk har tjuefem konsonantar og fem vokalar som kan vera lange eller korte. Det er eit
tonesprak
som kan ha stigande eller fallande tone pa den trykksterke stavinga i eit ord. Det er eit
SVO-sprak
, det vil seie at den vanlege setningsstrukturen har rekkjefølgja subjekt, verbal og objekt.
Substantiv har tre
kjønn
(hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn) og blir bøygde i eintal og fleirtal. Spraket har sju
kasus
:
Nominativ
,
akkusativ
,
genitiv
,
lokativ
,
dativ
,
vokativ
og
instrumentalis
. Adjektiv blir bøygde i høve til kjønn, tal og kasuset til substantivet dei tilhøyrer medan hovudverb og partisipp blir bøygde i høve til
subjektet
i setnngen i høve til kjønn, tal og person. Bøyingane i lokativ og dativ er i dag tilnærma like og fa substantiv har dativform.
Av dei tre sørslaviske dialektgruppene tilhøyrer bosnisk
sjtokavisk
, og inann denne er
ijekaviske
dialektar utbreidde i Bosnia-Hercegovina. Denne siste typen dialektar dannar utgangspunkt for skriftspraket, som i kroatisk (men ikkje serbisk).
Sidan 1700-talet har ein skrive bosnisk med
latinske bokstavar
. Før dette brukte ein ei bosnisk form for
kyrillisk
,
bosan?ica
, som først er kjend fra 1000-talet. Dei aller eldste innskriftene, fra 900- og 1000-talet, brukte det eldgamle slaviske
glagolittiske alfabetet
. Elles har bosnjakisk adel brukt skriftsystemet
begovica
og arabisk skrift tilpassa slavisk,
arebica
, under
ottomansk
paverknad.
Bosnisk skriftsprak blei først normert da omradet kom under
austerriksk-ungarsk
i 1878, og den første bosniske grammatikken kom ut i 1890. Omgrepet ≪
serbokroatisk
≫ blei brukt av austerrikarane fra 1907. Under
kongedømet Jugoslavia
i mellomkrigstida blei den serbokroatiske skriftnorma innført i Bosnia-Hercegovina, noko som fortsette i
Jugoslavia
under
Tito
. Etter at Jugoslavia braut saman byrja ein dyrka dei ulike spraka att. Den første bosniske
ordboka
kom ut i 1996 og ein ny bosnisk grammatikk kom ut i 2000.