한국   대만   중국   일본 
Bok ? Wikipedia Hopp til innhald

Bok

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For treslaget, sja bøk .

Bok (fra norrønt bok [1] ) er ei samanbinding av fleire blad av papir , pergament eller anna eigna materiale. Materialet er samanføyd langs ei side, ryggen, og som regel bunde inn i eit meir robust materiale. Den som skriv ut ei bok blir kalla ein forfattar , den som gjev henne ut, ein utgjevar .

I overført tyding kan og bok vera eit litterært verk, eller delar av eit verk (til dømes Ringdrotten , fyrste bok , eller Fyrste Mosebok ).

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Boka blei det viktigaste mediet i dei første hundreara etter Kristus, da ho avløyste bokrullar i Europa. Nøyaktig kva tid ho oppstod er ukjend; det er blitt hevda at Julius Cæsar bretta rullane han skreiv om Gallarkrigene til ei slags bok i trekkspelform . Bøker er lettare a lagra og transportera enn rullar. Talet pa bøker ein laga blei likevel avgrensa av det kostbare materiellet og arbeidsinnsatsen som skulle til for a laga dei. Forseggjorte, handskrivne manuskript blei hovudsakleg laga av munkar for rike arbeidsgjevarar, som kyrkja eller føydalherrar .

Ved midten av 1400-talet tok ein i bruk blokktrykking i Europa. Teknikken gar ut pa a skjera ut eller gravera inn ei heil side pa ei tre- eller metallblokk, og sa trykka sida ut fra denne. Dette gjorde det noko lettare a laga fleire kopiar av kvar side; men framleis var boklaging ein arbeidskrevjande prosess.

Etter at Johann Gutenberg fann opp ein metode der ein kunne trykka med utskiftbare typar blei det lettare a masseprodusera bøker. Medan bøker tidlegare hadde høyrt til dei rike og mektige blei det no etter kvart mogleg for vanlege folk a eiga dei.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]