Bodensjøen
(
tysk
Bodensee
) er ein stor innsjø pa
Rhinen
mellom
Tyskland
,
Sveits
og
Austerrike
.
Bodensjøen vart først nemnd av den
romerske
geografen
Pomponius Mela
rundt
43 fvt.
Han merka seg at Rhinen rann gjennom to innsjøar og gav dei latinske namn,
Lacus Venetus
(i dag Obersee) og
Lacus Acronius
(i dag Untersee).
Plinus den eldre
brukte namnet
Lacus Brigantinus
, er den romerske byen Brigantium (i dag
Bregenz
). Innsjøen vert og kalla
Den swabiske sjøen
.
Innsjøen ligg 395 m over havet og er den tredje største i
Sentral-Europa
etter
Balatonsjøen
og
Genfersjøen
. Han er 63 km lang, og pa det breiaste nesten 14 km. Han dekkjer eit areal pa om lag 539 km². Det største djupet er 252 m midt i den austlege delen (Obsersee). Volumet er om lag 55 km³. Innsjøen har fire delar: Obersee (hovuddelen, 476 km²), Uberlinger See (nord, 61 km²), Untersee (vest, 63 km²), og Zeller See og Gnadensee (nordvest). Den regulerte
Rhinen
renn inn i innsjøen i søraust ved byen
Konstanz
og strøymer ut nær
Stein am Rhein
. Bodensjøen gjev ferskvatn til mange byar sør i Tyskland.
Bodensjøen vart danna av ein isbre (kalla Rhinisbreen) under
istida
. Elvene Rhinen,
Bregenzer Ache
og
Dornbirner Ache
fører sediment fra Alpane til innsjøen, slik at djupet av han gradvis minkar i søraust.
150 yrkesfiskarar fiska om lag 1000 tonn fisk i 2001, noko som var under den gjennomsnittlege fangsten pa 1200 tonn dei siste ti ara. Ein
aure
(
Salmo trutta
) i Bodensjøen vart nesten utrydda pa 1980-talet pa grunn av forureining, men etter at ein har tatt førehandsreglar har fisken vendt tilbake att.
Ei
bilferje
trafikkerer innsjøen mellom
Romanshorn
i Sveits og
Friedrichshafen
i Tyskland, og ei anna ferje mellom
Konstanz
og
Meersburg
(begge tyske).
Det finst ingen bindande avtalar mellom landa for kor landegrensene i Bodensjøen gar. Sveits meiner at grensa skal ga i midten av innsjøen, medan Austerrike meiner at innsjøen bør vere eit
kondominat
mellom dei tre landa. Tyskland har ingen klare meiningar. Rettspørsmal vedrørande skipstransport og fiske er regulert i separate avtalar.
Det har naturlegvis oppstatt tvistar. Ei sak omhandla ein husbat som var ankra opp i to forskjellige land, og ei anna sak omhandla fiske i Bregenzbukta.
- Den sakalla ≪hundrearsflaumen≫ tidleg pa sommaren i 1999 heva nivaet i innsjøen med to meter, og oversvømde hamner, bygningar og hotell.
- Seint i august
2005
førte kraftig regn til at nivaet steig med 70 cm pa eit par dagar. Regnet skapte flaum over store omrade og vaska bort motorvegar og jarnbanelinjer.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Bodensjøen