한국   대만   중국   일본 
Bladet Time ? Wikipedia Hopp til innhald

Bladet Time

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Time

Framsida til første utgave av Time (3. mars 1923)
Type Nyheitsmagasin
Oppretta 3. mars 1923
Grunnleggjar Briton Hadden , Henry Luce
Sprak Engelsk
Eigar Meredith Corporation (tidlegare Time Inc. , Time Warner )
ISSN 0040-781X
Nettstad https://time.com

Time er eit amerikansk nyheitsmagasin som kjem ut ein gong i veka. Tidsskriftet blei grunlagd i 1923 av Henry R. Luce og Briton Hadden . Det var lenge eigd av Time Inc. eller Time Warner , men har i dag Meredith Corporation som eigar. Bladet utnemner kvart ar ein person of the year , 'arets person'.

Den amerikanske hovudutgava av bladet kjem ut i New York . Ei europeisk utgave ( Time Europe , tidlegare Time Atlantic ) som ogsa dekkjer Afrika, Midtausten og sidan 2003 Latin-Amerika kjem ut i London. Ei asiatisk utgave ( Time Asia ) har hovudkvarter i Hong Kong , medan ei utgave for det sørlege stillehavsomradet som dekker Australia, New Zealand og stillehavsøyane er basert i Sydney . Fram til desember 2008 hadde Time ogsa ei eiga kanadisk reklameutgave. [1]

Time har den største utbreiinga av noko vekentleg nyheitsblad i verda. Den trykte utgava har 26 millionar lesarar, 20 millionar av dei i USA. I midten av 2012 hadde bladet eit opplag pa over tre millionar, [2] [3] redusert til to millionar seint i 2017. [4]

Nancy Gibbs var redaktør for bladet fra september 2013 til September 2017. [5] Ho blei etterfølgd av Edward Felsenthal , som hadde vore redaktøren for den digitale utgava av Time . [6]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Time Canada to close≫ . Mastheadonline.com . 10. desember 2008 . Henta 6. september 2011 .  
  2. ≪Consumer Magazines≫ . Alliance for Audited Media . Henta 6. oktober 2016 .  
  3. Byers, Dylan (7. august 2012). "Time Magazine still on top in circulation" . Politico .
  4. Trachtenberg, Jeffrey A. (October 10, 2017). ≪For Time Inc.’s Magazines, Fewer Copies Is the Way Forward≫ – via www.wsj.com.  
  5. Maza, Erik (17. september 2013). ≪Nancy Gibbs Named Time's Managing Editor≫ . WWD . Henta 17. september 2013 .  
  6. ≪Time magazine names Edward Felsenthal as new editor-in-chief≫ .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]