한국   대만   중국   일본 
Bissau ? Wikipedia Hopp til innhald

Bissau

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bissau
by
Flagg
Vapenskjold
Land   Guinea-Bissau
Areal 77,5  km²
Folketal 492 004 (2015)
Kart
Bissau
11°51′33″N 15°35′44″W  /  11.859166666667°N 15.595555555556°W  / 11.859166666667; -15.595555555556
Wikimedia Commons: Bissau

Bissau (portugisisk uttale bi?saw ) er hovudstaden i Guinea-Bissau . Han ligg ved utlaupet til elva Geba i Atlanterhavet, og er ein viktig hamneby. Byen hadde eit innbyggjartal pa 492 004 i 2015. [1] Han er den største byen og hamna i Guinea-Bissau, med utførsla av kopra , palmeolja , ris og meir. Han har ei internasjonal lufthamn, eit universitet og eit forskingsinstitutt. [2]

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Før europearar kom til omradet, tilhøyrde det eit kongerike styrt av papelfolk . Ifølgje munnleg overlevering var dette riket skipa av Mecau, sonen av kongen av Quinara ( Guinala ), som flytta til staden med den svangre systera si, seks koner og undersattar fra riket til faren. I riket var det sju klanar som stamma fra systera og dei seks konene. Bossassun-klanen, som stamma fra systera, hadde arverett pa trona. [3]

Sentrum av Bissau pa 1960-talet, da byen var hovudstad for Portugisisk Guinea.

Bissau vart grunnlagd i 1687 av portugisarane og hadde pa 1700- og 1800-talet stor slavehandel . [2] Byen tok over for Bolama som hovudstad i Portugisisk Guinea i 1942. Da geriljagruppa PAIGC erklærte sjølvstende i 1973 var hovudstaden for opprørsomradet Madina do Boe , medan Bissau vart verande kolonihovustad. Byen kom under ata fra nasjonalistiske styrkar i 1968 og 1971. [4] Portugal gjekk med pa sjølvstendet i 1974, etter Nellikrevolusjonen , og Bissau var hovudstad for den nye frie staten.

Ved byrjinga og slutten av borgarkrien i Guinea-Bissau fra 1998 til 1999 var det harde kampar i byen. [5] Mykje av infrastrukturen vart øydelagd, og nesten heile folkesetnaden flykta fra byen. [2] Bissau har sidan vorte gjenoppbygd, og over 25 % av innbyggjarane budde her ved folketeljinga i 2009. [6]

Geografi og klima [ endre | endre wikiteksten ]

Bissau ligg 11°52' nord og 15°36' vest (11.86667, -15.60), ved esturaet til Geba-elva ved kysten av Atlanterhavet . Omradet rundt Bissau er ekstremt lagtliggande, og elva er seglbar for havgaande fartøy sjølv om ho har lita vassføring i kring 80 km fra byen.

Bissau har tropisk savanneklima ( Koppen Aw ), ikkje vatt nok til a kvalifisera som tropisk monsunklima ( Am ), men mykje vatare enn dei fleste klima av sin type.

Det fell nesten ikkje regn fra november til mai, men i dei gjenverande fem manadane av aret far byen rundt 2000 mm nedbør.

Verdata for Bissau, Guinea-Bissau (1974?1994)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Ar
Høgast malte °C 36,7 38,3 38,9 41,1 39,4 35,6 33,3 32,8 33,9 34,4 35 35,6 41,1
Gjennomsnittleg maks °C 31,1 32,8 33,9 33,3 32,8 31,1 29,4 30 30 31,1 31,7 30,6 31,5
Døgnmiddeltemperatur °C 24,4 25,6 26,6 27 27,5 26,9 26,1 26,4 26,4 27 26,9 24,8 26,3
Gjennomsnittleg min °C 17,8 18,3 19,4 20,6 22,2 22,8 22,8 22,8 22,8 22,8 22,2 18,9 21,1
Lagast malte °C 12,2 13,3 15,6 16,7 17,2 19,4 19,4 19,4 19,4 20 15 12,8 12,2
Gjennomsnittleg regn mm 0,5 0,8 0,5 0,8 17,3 174,8 472,5 682,5 434,9 194,8 41,4 2 2 022,8
Gns. solskinstimar i manaden 248 226 279 270 248 210 186 155 180 217 240 248 2 707
Kjelde 1: Sistema de Clasificacion Bioclimatica Mundial [7]
Kjelde 2: World Climate Guides (sunshine only) [8]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Africa by Country Internet User Stats and 2017 Population≫ . internetworldstats.com (pa engelsk). Arkivert fra originalen 4. august 2019 . Henta 1. november 2017 .  
  2. 2,0 2,1 2,2 ≪Bissau≫ . Store norske leksikon . Henta 8. mars 2010 .  
  3. Nanque, Neemias Antonio (2016). Revoltas e resistencias dos Papeis da Guine-Bissau contra o Colonialismo Portugues ? 1886?1915 (PDF) (Trabalho de conclusao de curso). Universidade da Integracao Internacional da Lusofonia Afro-Brasileira. Arkivert fra originalen (PDF) 20. september 2022 . Henta 24. november 2022 .  
  4. Mendy & Lobban 2013 , s. 56.
  5. ≪Guinea-Bissau≫ . Uppsala Conflict Data Program Conflict Encyclopedia . Uppsala University. Arkivert fra originalen 31. desember 2013 . Henta 12. juli 2013 .  
  6. Mendy & Lobban 2013 , s. 55.
  7. ≪GUINEA-BISSAU - BISSAU≫ . Centro de Investigaciones Fitosociologicas. Arkivert fra originalen 7. august 2007 . Henta 4. oktober 2011 .  
  8. ≪Bissau Climate Guide≫ . Centro de Investigaciones Fitosociologicas. Arkivert fra originalen 7. august 2007 . Henta 4. oktober 2011 .  
Bibliografi