Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Arten
(
latin
species
) er ei av dei mest grunnleggjande einingane inna
biologisk systematikk
. Ein art er ei gruppe liknande
individ
og blir gjerne definert som
organismar
som kan
formeira
seg med kvarandre og fa forplantingsdyktig avkom.
Eit levande vesen høyrer til ein, og berre ein art. Denne har eit særskild
vitskapleg namn
sett saman av
slektnamnet
og det særeigne artsnamnet.
Mennesket
har til dømes artsnamnet
Homo sapiens
, der
Homo
viser til heile slekta av menneskeliknande
menneskeapar
som har eksistert tidlegare, medan
sapiens
berre viser til menneskja.
Opphavleg var ein art definert som ei gruppe organismar som var like. Dette skapte problem, ettersom det alltid vil finnast variasjonar innan ein art. Det finst og mange døme pa at
hoer
og
hannar
ser heilt ulike ut. I tillegg kan populasjonar som ikkje er i slekt i det heile tatt likna pa kvarandre.
Omgrepet art har vore heftig diskutert gjennom tidene, og det er framleis sterk usemje og diskusjonar kring kva kriterium ein skal leggje til grunn for omgrepet. Usemja synes sa stor at det er lite truleg at ein nokon sinne vil komme fram til ein definisjon som er universell for alle organismar, inkludert hybridar, polyploidar og asexuelle organismar.
Definisjonen av ein art som organismar som kan fa forplantingsdyktig avkom saman blei først lagt fram av
Ernst Mayr
i
1942
. Dette er det biologiske artsomgrepet. Denne definisjonen er ein av dei som er brukt i dag, men han er og problematisk. For det første gjeld han berre for
kjønna formeiring
. For organismar som reproduserer seg utan
kjønn
er ikkje art definert i dette artsomgrepet. For det andre kan kryssingar skje mellom svært ulike organismar under særskilde høve; nokre av desse
hybridane
kan forplanta seg vidare. Eit døme pa dette er kryssinga av
tiur
og
orrfugl
;
rakkelhøns
.