한국   대만   중국   일본 
Bhakti ? Wikipedia Hopp til innhald

Bhakti

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Mirabai (ca. 1498?ca.1547) er ein av dei viktigaste representantane for bhakti-tradisjonen i indisk mellomalderpoesi . Maleri av Ravi Varma .

Bhakti ( sanskrit ?????) er eit sentralt omgrep i hinduismen som tyder samband, dyrking og kjærleik til Gud . [1] Det viser til eit personleg gudstilhøve prega av kjærleiksfylt dyrking fra tilbedaren si side. Bhakti er idag det dominerande elementet innan hinduismen, ikkje først og fremst i form av spesielle sekter , men som ei utbreidd religiøs haldning mellom vanlege folk. [2]

Historisk bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Bhakti kjem til uttrykk i Bhagavad-gita , der bhakti-marga ≪kjærleiksvegen≫, blir omtalt som den høgste vegen til frelse . Som rørsle oppstod bhakti i tidsrommet fra 400 til 800 e.Kr. mellom tilbedarar av hovudgudane i hinduismen, Visjnu og Sjiva , eller dei lokale gudane som vart identifiserte med dei. Samstundes voks ei rik hymnedikting fram pa folkespraket , tamil . Pa 900-talet fekk vishnuittisk bhakti ei klassisk litterær form i sanskrit-verket Bhagavata Purana , og ei tid seinare ei teologisk utforming av filosofen Ramanuja . Ein reknar med at bhakti spreidde seg til Nord-India pa 1000-talet, der den fekk ein rad vidgjetne religiøse og litterære representantar [3] , mellom dei Radjput-prinsessa Mirabai .

Bhakti er ein viktig lekk i utviklinga av dei nord-indiske folkespraka til litteratursprak , og tydde sannsynlegvis ogsa mykje for hinduismens motstandskraft i møte med den muslimske hærtakinga av India . [4] Ein trur elles at kontakten med den islamske ideen om underkasting overfor Gud kan ha vore ein paverknad i utviklinga av bhakti heilt fra byrjinga av. [5] Litterært sett er Chaitanya , Surdas og Tulsidas viktige representantar for vishnuittisk bhakti i Nord-India, medan den bengalske poeten Ramprasad Sen dikta glødande hymner til gudinna Kali pa 1700-talet.

Dei fleste bhakti-retningane var opne for bae kjønn og alle kastar . Typiske riter inkluderte resiteringar av namnet pa guden eller gudinna, a synge lovprisande hymer om guddomen, a bere eller ga med kjenneteiknande emblem pa kleda, og a reise pa pilgrimsferd til heilage stader knytte til guddomen. Tilbedarane gav ogsa daglege offer, anten i form av dyrekjøt eller vegetariske offer som frukt og blomar. Rituala kunne skje i tempelet eller i heimane til tilbedarane. Etter grupperitual i tempelet delte presten ut bitar av ≪restemat≫ (kalla prasad ) etter guddomen. A sja eller a bli sett av guddomen var ein sentral del av ritualet. [5]

Kjenneteikn [ endre | endre wikiteksten ]

Som eit straumdrag innan hinduismen skil bhakti seg radikalt fra ortodoks yoga og offerritualisme der guddommen spelar lita eller inga rolle. I Bhakti er det derimot den altomfattande kjærleiken til ein personleg guddom som star i sentrum for tilbedinga. Haldninga til guddomen kan variere, og guddomen blir til dømes likna med ein bror ( Rama ), eit barn ( Krisjna ), ei mor (Kali), eller ein elskar (Krisjna). Samstundes deler dei fleste bhakti-retningane malet om frigjering fra atterfødinga, moksha .

Bhakti-tilhengjarar utfører vanlegvis gudsteneste ( puja ≪oppvartning≫) av guddomen i tempel og i heimane sine, men sume bhakti-inspirerte retningar har vendt ryggen til all tempelkult og tilbeding av underordna guddomar. Mellom desse kan ein nemne shivaittar i Karnataka , sa vel som sikh - guruen Nanak og diktaren Kabir . Bhajan -synging er ei form for tilbeding som er særmerkt for bhakti. [2]

Sjølv om tilhøvet til ein religiøs lærar ( guru ) ofte er prega av underkasting i bhakti (stundom blir guruen rekna som ein tilsynekomst av guden), er det vanlegvis (i prinsippet) likskap mellom medlemane av ei bhakti-retning utan omsyn til det indiske kastesystemet . Samstundes gjeld dette først og fremst i religiøse og kultiske samanhengar, og bhakti har ikkje malbore ei sosial protestrørsle i India. [2]

Viktige personar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Bhakti. (1992). I Kværne, P., Vogt, K., Kunnskapsforlagets religionsleksikon (s. 43-44). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Wendy Doniger (2015), ≪Bhakti≫, Encyclopædia Britannica   .

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪?????≫ i Wiktionary
  2. 2,0 2,1 2,2 Kværne, P., Vogt, K., (1992), s. 44.
  3. Kværne, P., Vogt, K., (1992), s. 43.
  4. Kværne, P., Vogt, K., (1992), s. 43-44.
  5. 5,0 5,1 Doniger., W., (2015).