한국   대만   중국   일본 
Bern ? Wikipedia Hopp til innhald

Bern

Koordinatar : 46°57′0″N 7°27′0″E  /  46.95000°N 7.45000°E  / 46.95000; 7.45000
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bern
Flyfoto av Gamlebyen
Flyfoto av Gamlebyen
Flyfoto av Gamlebyen
Kommunevåpenet til Bern
Kommunevapenet til Bern


Plassering
Bern is located in
Styresmakter
Land   Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Bern-Mittelland
Sprak tysk
Borgarmeister Alexander Tschappat
Geografi
Flatevidd
 - kommune

51,6 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

133 920
  2 595,3 /km²
Koordinatar 46°57′0″N 7°27′0″E  /  46.95000°N 7.45000°E  / 46.95000; 7.45000
Høgd over havet 542 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3000
Nettstad: www.bern.ch

Bern (fransk: Berne ) er hovudstaden i Sveits og den fjerde mest folkerike byen i landet (etter Zurich , Basel og Geneve ) med 140 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd i 1191 . Elva Aare deler byen. Kommunen har 133 920 innbyggjarar (2010) og eit areal pa 52  km² . Kommunesenteret ligg 542 meter over havet.

Utsyn over Aare.
Den sveitsiske nasjonalforsamlinga i Bern.

Bern er og hovudstad for den tospraklege ( tysk og fransk ) kantonen Bern - den nest mest folkerike av Sveits sine 26 kantonar . Kantonen Bern har eit areal pa 6049 kvadratkilometer og ca. 937 000 innbyggarar (1990).

Ifølgje segna fekk Bern namnet sett fra at grunnleggjaren av byen felte ein bjørn (tysk Bar ) pa staden der byen skulle bli bygd. Ein har i fleire hundrear halde bjørnar i fangenskap i Bern, og desse kan ein sja i bjørnegrotta ved Nydeggbrucke .

Den gamle bydelen i Bern er utnemnd til eit av UNESCO sine verdsarvsomrade .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Etter dei første busetjingane pa Engehalbinsel nord for Bern under La Tene-tida vart byen i 1191 erobra av hertug Berthold V av Zahringen . I følgje segna kalla han byen Bern, fordi han skulle ha fanga ein bjørn pa denne staden. Meir sannsynleg er likevel at Berchthold kalla opp byen til ære for segnhelten Dietrich von bern , som han beundra (Bern er eit gammalt tysk ord for Verona ). Berchthold bygde byen pa landtunga i Aare , sa han var naturleg verna pa tre sider. Pa den fjerde sida mot land vart det ført opp ein bymur med vakttarn. Den verna plasseringa til byen gjorde det mogeleg med ein hurtig vekst i retning mot vest.

Etter at Zahrunger-slekta døydde ut i 1218 vart Bern ein fri riksstad . Det endelege sjølvstendet til Bern kom med slaget ved Dornbuhl ( 1298 ) og Laupenkrigen ( 1339 ). I sistnemnde slaget fekk Bern støtte fra kantonane Uri , Schwyz og Unterwalden , som Bern hadde danna forbund med i 1323 . I 1353 gjekk Bern inn som det attande omradet i det gamle eidsforbundet . Etter ein stor bybrann i 1405 gjenoppbygde ein byen i sandstein der bygningane tidlegare var av tre. Mellomalderbyen som oppstod da er i store trekk verna til i dag.

I 1439 og 1565 hadde ein to utbrot av pest i byen, der den siste varte i nesten to ar og kosta 5000 bernarar livet. Mellom 1622 og 1646 bygde ein Grosse Schanze , som var ein forsvarsskanse mot vest. Skansen vart broten ned mellom 1834 og 1846 for a gjere plass til ei ny byutviding. Hovudbygninga av Bern universitet er bygd pa dei siste restane av skansen.

Pa 1700-talet var innbyggjartalet svakt fallande, men pa midten av 1800-talet steig folketalet paviseleg, og den første sveitsiske forbundssamlinga si utpeiking av Bern som sete for styresmakt i forbundet i 1848 forsterka ytterlegare folkeveksten, som i stor utstrekking skjedde ved vandring fra landsby til by . [1] Med den stigande mengda borgarar vart og den politiske styreforma i Bern endra, som hittil hadde bestatt av ei mengd rad understøtta av rikmannsfamiliar. Deretter vart det innført ein Gemeindeversamlung , der det direkte demokrati vart utøvd i folkeforsamlinga, der det vart røysta ved handsopprekning. Desse vart i 1887 avløyst av hemmelege avstemmingar, der det vart valt ein borgarmeister og og mange delegasjonar. I 1894 oppnadde partiet absolutt fleirtal, og i ara fram til 1920 fekk Bern dermed den første sosialdemokratiske borgarmeisteren. Det politiske biletet i Bern byrad har fra 1950-talet vore prega av mange sma parti. I 1968 oppnadde kvinnene politisk likerett i Bern.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Byen Bern ligg i det sveitsiske Mittelland ved elva Aare . Gamlebyen til Bern ligg ved ei elvehøgd, og bydelen ligg difor som ei landtunge med vatn pa tre sider. Fra den gamle bydelen breier byen seg ut i ein 12 km stor radius.

Byen er omgjeve av høgdedrag og store skogomrade. Sjølve hovudstaden Bern er omgjeven av ei rekkje omegnskommunar, og omradet har i alt omkring 350 000 innbyggjarar. Sjølve hovudstaden bestar av kommunane Bern, Bremgarten bei Bern , Koniz , Muri , Ostermundigen , Ittigen , Bolligen og Zollikofen , som til saman har omkring 200 000 innbyggjarar.

Folkesetnad [ endre | endre wikiteksten ]

Folketalet i Bern kommune utgjorde 127 882 ved utgangen av 2006, av dette er 21 % utlendingar. Dei største utanlandske folkegruppene i Bern kjem fra Italia , Tyskland , tidlegare Jugoslavia og Spania . [2]

Gjennomsnittleg folketal [3]
Ar 1860 1870 1880 1888 1900 1910 1920 1930 1941 1950 1960 1970 1980 1990 2000 2006
Innbyggjarar 31 050 37 548 45 743 48 605 67 550 90 937 104 626 111 783 130 331 146 499 136 172 162 405 145 254 136 338 128 634 127 882

Tysk er offisielt sprak i Bern. Det blir talt spesielt ein dialekt som blir kalla Berndeutsch eller bernsk tysk, som er ein høgalemannisk dialekt og ein variant av sveitsartysk .

41 % av bernarane tilhøyrer den reformerte kyrkje , 25 % tilhøyrer den katolske kyrkja (2005), omtrent 3,8 % er muslimar og omtrent 1,5 % tilhøyrer den ortodokse kyrkja (2000). Bern er sete for den kristenkatolske biskopen i Sveits, og synagogen i Bern er midtpunkt for det jødiske samfunnet, som har omtrent 340 medlemmar. [4]

Samferdsel [ endre | endre wikiteksten ]

Sveits har stort sett godt utbygget kollektivtransport, og kollektivtransporten i Bern er betre utbygt og meir brukt enn i dei fleste andre byar pa same storleik. Byen har tre trikkeruter , tre trolleybussruter og 12 bussruter forutan S-bane og andre jarnbanesamband . I 2008 hadde byen heile 482 kollektivreiser per innbyggjar. [5]

Det gode kollektivtilbodet kan ha bidrege til at biltettleiken i 2009 minka for fjerde ar pa rad og sokk under 400 PR. 1000 innbyggjarar, mot 409 aret før.

Berns flyplass Belp ligg sør i byen.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Historische Lexicon der Schweiz, Die Siedlungs- og Bevolkerungsentwicklung Arkivert 2008-06-05 ved Wayback Machine .
  2. Bevolkerungsstruktur Ende 2005 sowie Ende 2006 Bern in Zahlen
  3. Bevolkerungsbestand, Haushaltungen seit 1850 , Statistikdienste der Stadt Bern, Bevolkerungsbestand, Haushaltungen seit 1850
  4. Judische Gemeinde Bern
  5. Gobel 2011 .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Reiseguide for Bern fra Wikivoyage