Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Be'er Tuvia
(
hebraisk skrift
?????? ?????????,
Be'er Toviya
, ≪Tuviabrunnen≫) er ein
moshav
i
Det sørlege distriktet
i
Israel
nær byen
Kiryat Malakhi
. Han høyrer til
Be'er Tuvia regionale kommune
.
I 1887 grunnla ei gruppe fra
den første Aliyah
fra
Bessarabia
ein
moshava
, som dei kalla
Qastina
, etter den nærliggande
arabiske
landsbyen
med same namn
. Sjølv om dei fekk støtte fra
baron Edmond de Rothschild
, gjekk det darleg med moshaven, fordi han mangla vatn, og lag eit stykke unna dei andre jødiske busetnadane. Han vart angripen av dei kringliggande arabiske landsbybuarane og forholdet mellom innbyggajarane og administrasjonen til baronen var darleg. Landsbyen vart nesten fraflytta, men i 1896, kjøpte
Hovevei Zion
i
Odessa
landomradet og nye nybyggjarar kom til. Qastina vart Be'er Tuvia - ei tilpassing av det arabiske namnet pa staden,
Bir Ta'abya
.
[2]
I 1910 var kolonien igjen i ferd med a kollapse økonomisk og nokre medlemmar gjekk til
Jewish National Fund
med eit forslag om at dei kunne kjøpe landet og husa. JNF gjekk med pa det, men ei usemje med Hovevei Zion gjorde at dette aldri skjedde. I staden kompenserte JNF bøndene som drog fra Be'er Tuvia og i 1913 kjøpte bønder fra
Hulda
for a erstatte dei. I løpet av kort tid hadde situasjonen i kolonien betra seg mykje.
[3]
Moshaven vart praktisk talt øydelagd under
Palestinaopprøra i 1929
og matte fraflyttast. I 1930 vart han grunnlagd pa ny som ein moshav av veteranar fra
Den jødiske legionen
og
kibbutzar
, hovudsakleg medlemmar fra
Kfar Giladi
og
Merhavia
. I folketeljinga i 1931 var det 62 busette hus og eit folketal pa 206 jødar, 4 kristne og 2 muslimar.
[4]
Etter det vart oppdaga vatn, vart Be'er Tuviya ein av dei mest velstaande moshavane i landet. Under
andre verdskrigen
vart mange av medlemmane i moshaven med i
den britiske hæren
. Under
den arabisk-israelske krigen i 1948
vart moshaven nytta av
Det israelske forsvaret
som base for soldatar som kjempa mot
Egypt
i
Negev
.
[5]
I 2005 var folketalet i Be'er Tuviya 771.
[6]
Økonomien i moshaven er basert pa sitrus og intensivt gardsbruk.