Barbie

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Barbie


Skipa 9. mars 1959
Nettstad https://shop.mattel.com/pages/barbie (engelsk)

Barbie er ei motedokke skapt av Ruth Handler og produsert av det amerikanske leiketøyselskapet Mattel . Den fyrste dokka vart lansert i 1959 ved New York Toy Fair. [1]

Ho var ei revidert utgave av den tyske dokka Bild Lilli ? som pa si side bygde pa avisstripa Lilli, ein erotisk figur i tabloidavisa Bild . Ruth Handler, som i lag med sin ektemann Elliot grunnla Mattel i 1945, sag potensialet i Lilli-dokka og ville gjere henne om til ei dokke som passa for unge jenter. Med god hjelp fra Jack Ryan, omskapte Handler Lilli til den fyrste utgava av Barbie ? som vart oppkalla etter Handlers dotter Barbara. Dokka vart ikkje godt motteke i starten. Det var nesten berre menn som jobba i leiketøyindustrien pa denne tida, og dei likte ikkje tanken pa at borna deira skulle leike med dokker med kvinnelege former. Etter mykje fram og tilbake henta Mattel inn den austerrikske psykoanalytikaren Ernest Dichter, som etter kvart fekk folk til a endre meining om barbiedokka. Den fyrste barbien som kom i produksjon vart dermed ein stor suksess. Sjølve dokka vart seld relativt billig medan kleda vart selde separate og til ein mykje høgare pris. [2]

Opp gjennom ara har det vorte lansert ei rekke ulike barbiedokker, stadig med nye moteklede og klede for ulike yrker. Barbie har mellom anna ein kjærast ? Ken ? og ei yngre syster ? Skipper. Ho har prøvd seg som lærar, atlet, soldat, astronaut, veterinær, lækjar, president og mykje anna. Utsjanaden hennar har ogsa endra seg gjennom ara, for at ho skal sja tidsriktig ut. Trass i at det har vorte lansert Barbiedokker med ulike hud- og harfarger samt ulike storleikar og fasongar, har Barbie møtt ein storm av kritikk. Særleg dei siste ara har det vorte fokus pa at Barbie si verd bestar av utdaterte verdiar og fremmer sexistiske og rasediskriminerande ideal. Mange meiner ogsa at Barbie fremmer urealistiske kroppsmal som ikkje er bra for unge jenter a vakse opp med.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Woodham, Jonathan (19. mai 2016). ≪Barbie≫ (pa engelsk). Oxford University Press. ISBN   978-0-19-176296-3 . doi : 10.1093/acref/9780191762963.001.0001/acref-9780191762963-e-76?rskey=ukk3gg&result=1 .  
  2. ≪The Toys That Made Us | Netflix Official Site≫ , www.netflix.com , henta 13. november 2018  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Barbie