Delvis skrelt, heil og langsdelt banan.
Bananklase pa eit tre
Banan
er ei avlang
frukt
som opphavleg kjem fra
Søraust-Asia
. Banantreet er ein gamal kulturplante, og vert i dag dyrka i det tropiske beltet langs
ekvator
bade i
Amerika
,
Asia
og
Afrika
. Det finst ulike typar bananplantar som alle høyrer til familien
Musa
.
Botanisk
er bananen eit
bær
, men i Noreg vert ho sett pa og brukt som
frukt
. Etter
jødisk
halakha
(religiøs lov) blir bananen rekna som
grønsak
av di bananpalmen berre set frukt ein gong.
Blome pa
Musa acuminata
.
Plantane
Musa acuminata
og
hybriden
Musa x paradisiaca
er dei som gjev bananer som blir eksportert fra dyrkingsomrada til mellom anna Noreg.
Den fruktbananen som vert seld i mest alle fruktdiskar i Noreg, er
Cavendish-banan
. Han er stor og gul og inneheld om lag 110
kcal
. Den viktigaste grunnen til at han er den mest populære importbananen, er at han er svært motstandsdyktig mot sjukdomar. Dette er ein mutert banan som ikkje har
frø
? han kan berre formeira seg ved rotskot.
Ein indisk
apekatt
et ein minibanan.
Kokebanan
vert og kalla for
mjølbanan
. Han kjem fra
Sør-Amerika
,
Afrika
og
India
og er nærast som basisføde a rekna i desse omrada. Det einaste som kan minna om ein vanleg banan er namnet og fasongen.
Minibanan
vert og kalla
eplebanan
og er mykje mindre enn vanlege bananar ? vanlegvis ca 7-10 cm lang, men like tjukk som ein vanleg banan.
Raud banan er ein relativt ny sort fruktbanan. Han er noko mindre enn vanleg banan. Denne mognast ogsa naturleg under distribusjon. Skalet er litt tunnare enn pa vanleg banan, raud-grønt før bananen vert heilt mogen, og gar over til brun-raudt etter kvart som han vert mogen.
Indonesiske bananchips.
Foto: Sakurai Midori
Banan som
offerfrukt
i Myanmar.
I Noreg et ein som regel banan enkelt som ei frukt, oppskoren i dessertar som
banana split
, frukostblandingar eller som palegg, men utan a behandla henne meir.
I land der ein dyrkar banan er bruken vidare. Ein lagar mellom anna
bananchips
og bruker kokebananen i fleire matretter. Frukta kan mosast for a laga syltetøy eller blandast i milkshake eller jus fra andre frukter. Det finst og bananketchup, syltebanan, bananeddik, bananvin og -øl og ymse andre banandrykker.
Ein kan ogsa bruka bananblomen i matlaging. I Søraust-Asia blir han brukt bade ra og kokt i
supper
og
karrirettar
. Den mjuke kjernen inni bananstammen blir og brukt, særleg i
burmesisk
matlaging. Av mjølbanan vert det dessutan sjølvsagt laga
mjøl
.
Det finst mange hundre sortar banan, men dei kan delast inn i to grunnsortar: vanleg fruktbanan og kokebanan. Bananar inneheld
fiber
,
A-
,
B-
,
C-
og
E-vitamin
og
minerala
fosfor
,
kalium
,
jern
og
sink
, og store delar
karbohydrat
, men heile 74% er vatn. I ein umogen banan er størsteparten av karbohydrata
stive
, men etter kvart som han mognar, blir dei omdanna til
sukker
slik at stive til slutt berre utgjer 1-2 % av frukta.
Frukta av ein vill banantype, som er tjukk, rund og har store frø.
Foto: Warut Roonguthai
Banan blei
domestisert
i
Søraust-Asia
, der det framleis veks mange ville variantar. Dei eldste spora etter banandyrking er fra
Kuk-myra
pa
Papua New Guinea
, og er mellom 7000 og 10 000 ar gamle.
[1]
Bananen vart innført til
Midt-Austen
og pa
600-talet
av
arabiske
handelsmenn, ifølgje nokre syn ogsa til
Afrika
, medan funn av tre tusen ar gamle
bananfytolittar
fra
Kamerun
og lingvistiske prov pa
Madagaskar
kan tyda pa at ho nadde verdsdelen tidlegare.
[2]
Tidlege bananar var mindre banansortar enn dei som blir eksportert i stor skala i dag, og det arabiske ordet for finger,
banan
, er kan hende opphavet til namnet pa frukta pa norsk og fleire andre sprak. Ordet blei spreidd fra Vest-Afrika av vitjande spanjolar eller portugisarar, som tok plantane med seg til Amerika pa 1500-talet.
Kultivaren 'Cavendish' er ein av dei mest eksporterte banantypane i dag.
Foto: Steve Hopson, www.stevehopson.com
Bananhandel har spelt ei enorm rolle i økonomien i
Mellom-Amerika
, der mange i offentleg administrasjon har skodd seg pa lukrative avtalar med store, utanlandske fruktimportørar. Dette medførte mykje korrupsjon, og bananselskapa fekk langt pa veg kontroll over styresmaktene i fleire av desse landa. Difor vert dei somme tider kalla
bananrepublikkar
, eit ord som vart brukt første gong av den amerikanske forfattaren
O. Henry
i
1910
.
|
---|
Hagebær
| |
---|
Ville bær
| |
---|
Frukt dyrka i Noreg
| |
---|
Sitrusfrukt
| |
---|
Anna frukt og bær
| |
---|