한국   대만   중국   일본 
Autoritær ? Wikipedia Hopp til innhald

Autoritær

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Autoritær er den som (urett eller upakalla) krev autoritet , vanlegvis med illegitime middel som til dømes vald eller trugslar. Ordet blir og bruka om personar som er overdrive dominante, kompromisslause, diktatoriske og maktfullkomne. Dessutan blir det bruka om grupper med eit autoritært leiarskap og om samfunn med maktmisbruk, myndigheitskontroll og absolutte reglar, og som ikkje er demokratiske .

Dette i motsetning til uttrykket autorisert , som er det a ha fatt ein rettmessig autoritet pa eit gjeve omrade (av nokon annan, gjennom prøving). Dette blir da noko heilt anna.

Autoritært leiarskap er leiarskap som krev lydnad. Ordet blir saleis bruka om ein leiarstil der ein person bestemmer og det ikkje blir gjeve rom for debatt.

Autoritær oppseding av barn byggjer pa absolutte normer og eit straffesystem som det ikkje kan stillast spørsmal ved.

Nar det gjeld ulike diktatur-regime skil ein gjerne mellom autoritære regime, som i regelen let folk leve sine private liv i fred, sa lenge dei ikkje gjer aktiv motstand mot makthavarane og prøver a endre maktforholda, og totalitære regime, som krev aktiv oppfølging fra samfunnsmedlemene og som blandar seg inn i alle forhold, ogsa dei ein elles reknar som a høyre til privatsfæren. Ein annan mate a seie det pa er denne: Autoritære regime følgjer regelen ≪den som ikkje er mot oss er med oss≫, medan totalitære regime følgjer regelen ≪den som ikkje er med oss er mot oss≫.

Kjelder: [ endre | endre wikiteksten ]

Svensk wikipedia, og Pax Leksikon, bind 1, side 253.