한국   대만   중국   일본 
Aserbajdsjansk geografi ? Wikipedia Hopp til innhald

Aserbajdsjansk geografi

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Detaljkart over Aserbajdsjan
Satellittbilete av Aserbajdsjan
Ein kan sja sma endringar pa grunn av stigande vassniva langs denne kystlinja.

Aserbajdsjan ligg i sørvestlege omrade av Asia med Kaspihavet i aust, Iran i sør, Russland og Georgia i nord, og Armenia i vest. Tre geografiske trekk dominerer Aserbajdsjan: Kaspihavet , der kystlinja dannar den naturlege grensa mot aust, Store Kaukasus i nord, og eit utstrekt lagland i sentrale omrade.

Aserbajdsjan har eit totalt landareal pa om lag 86 000 kvadratkilometer , mindre enn 1 % av arealet til tidlegare Sovjetunionen , som landet var ein del av. Av dei tre transkaukasiske statane har Aserbajdsjan det største landarealet. Aserbajdsjan har to autonome republikkar, Nakhitsjevan som ligg sørvest for Armenia og Nagorno-Karabakh , som ligg innanfor Aserbajdsjan. Ein liten del av Nakitsjevan har og grense til Tyrkia i nordvest. Hovudstaden i Aserbajdsjan er den eldgamle byen Baku , som har den største og beste hamna i Kaspihavet, og som lenge har vore senteret for republikken sin oljeindustri.

Geografiske koordinatar
40°30′N 47°30′E

Topografi og drenering [ endre | endre wikiteksten ]

Høgda endrar seg over ein relativt kort avstand fra laglandet til høglandet, og om lag halvparten av landet vert rekna som fjellomrade. Pa den subtropiske søraustkysten har ein eit aslendt landskap med teplantasjar , appelsin - og sitronlundar . I ravinar i fjellet Kobustan nær Baku ligg fleire slamvulkanar og mineralkjelder . Kystterrenget ligg sa mykje som 28 meter under havniva.

Bortsett fra den austlege kystlinja og grenseomrada mot Georgia og Iran, er Aserbajdsjan omringa av fjell. I nordaust, pa grensa til Russland sin autonome republikk Dagestan , ligg fjellkjeda Store Kaukasus , og i vest, ved grensa til Armenia, ligg Litle Kaukasus . Lengst søraust dannar fjella Talysj grensa med Iran. Det høgaste fjellet i Aserbajdsjan ligg i Store Kaukasus der fjellet Bazarduzu Dagi stig til 4 485 meter (pa grensa til Russland).

Atte store elvar renn fra Kaukasus og ut pa det sentrale Kura-Aras-laglandet, ei avleiringsslette og lagt deltaomrade langs kysten som har fatt namnet sitt fra elvene Kur ( Kura ) og sideelva hennar Aras . Kur er den lengste elva i Kaukasusomradet, og dannar eit delta som renn ut i Kaspihavet like etter ho renn saman med elva Aras . Mingetsjaur-reservoaret, med eit areal pa 605 kvadratkilometer, er den største innsjøen i Aserbajdsjan (om ein ser bort fra Kaspihavet), og vart danna da ein demma opp Kur i vestlege omrade av landet. Vatnet fra reservoaret vert brukt til vasskraft og vatning av Kura-Aras-sletta. Dei fleste elvene i landet kan ikkje seglast pa. Om lag 15 % av Aserbajdsjan er dyrkande.

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Klimaet i landet er nesten tropisk om sommaren i laglandet, medan vintrane er milde. Ein kan derimot fa periodar med kulde fra nord. Fjellomrada mot vest er derimot kalde og snørike. Baku har milde vintrar med ein middeltemperatur pa 4 °C i januar, og 25 ºC i juli. Det meste av landet far lite nedbør, i snitt mellom 150 og 250 millimeter i aret, og jordbruket krev derfor kunstig vatning. Dei største nedbørsmengdene far ein i dei høgare omrada av Kaukasus, og i lagareliggande omrada i Lenkoran lengst søraust, der den arlege middelnedbøren gar over 1 000 millimeter.

Miljøproblem [ endre | endre wikiteksten ]

Luft- og vassforureining er utbreidd og gjev store utfordringar for den økonomiske utviklinga. Dei største kjeldene til forureininga er oljeraffineri, og kjemi- og metallurgiindustri, som tidleg pa 1990-talet opererte like ineffektivt som dei hadde gjort i Sovjet-tida. Luftkvaliteten er ekstremt darleg i Baku, der oljeraffineria ligg. Enkelte rapportar har vist at lufta i Baku er den mest forureina i heile det tidlegare Sovjetunionen, og andre industrisenter har liknande problem.

Kaspihavet, inkludert Bakubukta, har vorte forureina av oljelekkasjar og dumping av rein eller darleg handsama kloakk. Dette har redusert mengda av kaviar og fisk i omradet. I Sovjet-perioden vart Aserbajdsjan pressa til a bruke store mengder sprøytemiddel for a auke dei subtropiske avlingane for resten av Sovjetunionen. Særleg ille var utbreidd bruk av DDT pa 1970- og 1980-talet , sjølv om kjemikalien offisielt var forbode i Sovjetunionen sidan det var giftig for menneske. Utbreidd bruk av slike kjemikaliar og sprøytemiddel har ført til omfattande forureining av grunnvatnet, og aserbajdsjanske forskarar har knytt nyfødde born med forskjellige sjukdommar og skadar til dette. Vassnivaet i Kaspihavet er i ferd med a stige, hovudsakleg pa grunn av menneskelege paverknadar, og inntørkinga av innsjøen som skjedd i fleire tiar er reversert. Dette truar no kystomrada, og vassniva har i snitt stige 1,5 meter mellom 1978 og 1993. Pa grunn av Nagorno-Karabakh -konflikten, vart store skogomrade hogd ned, vegar vart bygd gjennom urørte omrade, og store jordbruksomrade vart okkupert av militære styrkar.

Som andre tidlegare Sovjet-republikkar har Aserbajdsjan enorme miljøproblem a rydde opp i, noko som er vanskeleg pa grunn av den darlege økonomien som det Moskva-sentrerte plansystemet i Sovjetunionen etterlet. Den aserbajdsjanske regjeringa har eit eige miljøutval, men pa grunn av darleg økonomi vart det pa 1990-talet gjort lite med problema. Tidleg i 1994 vart Aserbajdsjan sponsa av EU for a delta i eit internasjonalt forum for a verne Kaspihavet.

Naturskadar
Tørke . Enkelte lagland er trua av stigande vassniva i Kaspihavet.
Miljøproblem
Lokale forskarar ser pa Abseron Yasaqligi (Apsheron-halvøya) (inkludert Baku og Sumqayit) og Kaspihavet som det økologisk mest øydelagde omradet i verda, pa grunn av kraftig forureining av luft, vatn og jordsmonn. Forureininga av jordsmonnet kjem av omfattande bruk av DDT i tillegg til bruk av giftige defoilantar i bomullsproduksjonen .
Internasjonale miljøavtalar

Flatevidd og grenser [ endre | endre wikiteksten ]

Areal
Landegrenser
  • Totalt: 2 013 km
  • Grenseland: Armenia (med sjølve Aserbadsjan) 566 km, Armenia (med Nakhitsjevan-eksklaven) 221 km, Georgia 322 km, Iran (med sjølve Aserbajdsjan) 432 km, Iran (med Nakhitsjevan-eksklaven) 700 km, Russland 284 km, Tyrkia 9 km
Kystlinje
0 km (omgitt av land), men Aserbajdsjan har om lag 800 km kystlinje langs Kaspihavet .
Høgd
  • Lagaste punkt: Kaspihavet, 28 meter under havoverflata
  • Høgaste punkt: Bazarduzu Dagi 4 485 m (pa grensa mot Russland)
  • Høgaste topp som ligg heilt innanfor Aserbajdsjan: Shah Dagi 4 243 m

Øyar [ endre | endre wikiteksten ]

Naturressursar og arealbruk [ endre | endre wikiteksten ]

Naturressursar
Petroleum , naturgass , jernmalm , ikkje-jernhaldige metall, alumina , gull .
Arealbruk
  • Dyrkande jord: 18 %
  • Permanente avlingar: 5 %
  • Permanente beite: 25 %
  • Skogomrade: 11 %
  • Andre: 41 % (1993 estimat)
Irrigert land
10 000 km² (1993 estimat)

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]