Arthur Conan Doyle
|
|
Statsborgarskap
|
Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
|
Fødd
|
22. mai
1859
Edinburgh
|
Død
|
7. juli
1930
(71 ar)
Crowborough
,
Windlesham Manor
|
Yrke
|
lege
,
medisinsk forfattar
,
romanforfattar
,
essayist
,
skodespelforfattar
,
manusforfattar
,
science fiction-forfattar
,
barnebokforfattar
,
krimforfatter
,
skribent
,
novelleforfattar
,
historikar
|
Sprak
|
engelsk
|
Politisk parti
|
Det liberale unionistpartiet
|
Religion
|
ikke-praktiserende katolikk, spiritisme
|
Far
|
Charles Altamont Doyle
|
Mor
|
Mary Foley
|
Ektefelle
|
Louisa Hawkins, Jean Leckie
|
Nettstad
|
https://conandoyleestate.com
|
Arthur Conan Doyle pa Commons
|
Sir
Arthur Ignatius Conan Doyle
(
22. mai
1859
–
7. juli
1930
) var ein britisk
lege
og
forfattar
. Han er best kjend for detektivromanane sine med hovudfiguren
Sherlock Holmes
, som er rekna som eit vesentleg bidrag til
kriminallitteraturen
. Doyle var ein profilert forfattar som og skreiv
science fiction
, historiske
romanar
,
skodespel
, romanar og artiklar. Han vert ofte referert til som Conan Doyle. Conan var opphavleg eit mellomnamn, men han brukte det sjølv som ein del av etternamnet i dei siste ara.
Arthur Conan Doyle vart fødd i
Edinburgh
av irske foreldre som hadde emigrert til
Skottland
og vorte del av det lokale aristokratiet. Han vart send som niaring til
Stonyhurst
, ein barneskule driven av den
katolske
presteordenen
jesuittane
. Med mellomnamnet ≪Ignatius≫ er det rimeleg a tru at foreldra hans var truande
katolikkar
, men da Conan Doyle forlet skulen i
1875
forlet han og
kristendommen
som livssyn og vart
agnostikar
.
Fra 1876 til 1881 studerte han medisin ved
Edinburgh University
, og var ei tid utplassert i byen
Aston
, no eit distrikt under
Birmingham
. Som ein del av studiet hadde han og praksis som skipslege pa ei ferd til Vest-Afrika. I
1882
etablerte han ein legepraksis i
Plymouth
. Han fekk eksamensbevisa sine i
1885
. Den medisinske praksisen hans var ikkje særleg innbringande. Medan han venta pa pasientar, byrja han a skrive forteljingar.
Doyle hadde debutert med ei forteljing i
Chambers's Edinburgh Journal
i studietida, men det var etter at han flytta praksisen sin til
Southsea
at han byrja a skrive skjønnlitteratur for alvor. Grunnen var at det var langt mellom pasientane, sa langt at likningsvesenet sende sjølvmeldinga hans attende med paskrifta '≪Særs utilfredstillande≫'. Han skreiv tilbake: ≪Eg er heilt einig!≫
Det fyrste betydelege verket hans var ≪A Study in Scarlet≫ (
En studie i rødt
) som vart trykt i
Beeton's Christmas Annual
i
1887
. Det er her
Sherlock Holmes
stig fram fyrste gong. Figuren var inspirert av den tidlegare universitetsprofessoren til Doyle, Joseph Bell, som Doyle hadde vore assistent for.
Medan han budde i Southsea, var han med og skipa
Portsmouth Football Club
, der han sjølv var den fyrste malmannen.
I 1885 gifta han seg med Louise Hawkins, som leid av tuberkulose og døydde av det i 1906. Aret etter gifta han seg med Jean Leckie, som han hadde møtt og vorte forelska i allereie i 1897. Han heldt forholdet platonisk til den fyrste kona døydde. Doyle fekk fem born, to med sin den fyrste kona (Mary og Kingsley), og tre med den andre kona si (Jean, Denis og Adrian).
I 1890 studerte Doyle
optikk
og augemedisin i
Wien
, og i 1891 flytta han til
London
for a opprette praksis augelege. Det gav han ogsa meir tid til skriving.
I november 1891 kunne han nemne i eit brev mor si at ≪Eg tenkjer pa a ta livet av Holmes ... og setje han i skapet for godt. Han tek merksemda mi fra betre ting.≫
I desember
1893
gjorde han dette for a kunne bruke meir tid ≪viktigare ting≫, nemleg historiske romanar.
Doyle let Holmes møte erkefienden sin, professor Moriarty. Dei fall begge utfor ein
foss i Sveits
i ≪The Final Story≫ (
Det siste problem
). Doyle visste ikkje kor viktig Holmes hadde vorte for lesarane, og han kjende seg pressa til a la Holmes kome attende i forteljinga ≪The Adventure of the Empty House≫ (
Historia om det tomme huset
). Doyle forklarte at det var
berre
Moriarty som hadde falle i døden, og sidan Holmes hadde andre dødelege fiendar, hadde han sett seg tent med a ≪spele død≫.
Sherlock Holmes var hovudpersonen i 56 noveller og fire romanar. (Det finst og andre forfattarar enn Conan Doyle som har skrive bøker om han.)
Boarkrigen
i
Sør-Afrika
og fordømminga av britisk imperialisme fekk Doyle til a skrive ein
pamflett
med tittelen ≪The War in South Africa: Its Cause and Conduct≫ (
Krigen i Sør-Afrika; arsak og gang
) som vart omsett til mange sprak. Den forsvarte rolla til
Storbritannia
i krigen. Doyle meinte sjølv at denne pamfletten var grunnen til at han vart slegen til riddar og utnemnd til visestatthalder i
Surrey
i 1902.
Han skreiv og ei lengre bok,
The Great
Boer War
, i 1900. Tidleg pa 1900-talet stilte Sir Arthur to gonger til val i
det britiske parlamentet
som
Liberal Unionist
, ei gong i Edinburgh og ein gong i
Border Burghs
, men sjølv om han fekk ein god del røyster, vart han ikkje innvald. Han vart derimot den fyrste æresmedlemmen av
Ski Club of Great Britain
, Den britiske skiforeininga.
Conan Doyle var involvert i kampanjen for a reformere
Fristaten Kongo
, ein kampanje som vart leia av journalisten
Edmund Dene Morel
og diplomaten
Roger Casement
. Han skreiv ≪The Crime of the Congo≫ i 1909, ein lang pamflett som fordømde overgrepa i
Kongo
. Han var ven med bade Morel og Casement, og vart inspirert til a bruke dei begge som hovudfigurar i romanen
The Lost World
i
1912
. Han braut kontakten med dei begge da
fyrste verdskrigen
braut ut. Morel var pa venstresida i politikken og vart ein av leiarane i
pasifistrørsla
, medan Casement ≪sveik≫ England for a skaffe vapen til den
irske
sjølvstendestriden. Da Casement vart arrestert for landssvik og fekk
dødsstraff
, stilte Conan Doyle likevel opp og hevda at Casement hadde vorte galen og ikkje var ansvarleg for handlingane sine.
Doyle var og ein ivrig talsmann for juridisk rettferd, og personleg etterforska han to kriminalsaker i
1906
; den fyrste involverte ein sky britisk-indisk advokat, George Edalji, som var tiltala for a ha skrive trugande brev og mishandla dyr. Politiet var overbeviste om at Edalji var skuldig, og at mishandlinga hadde skjedd etter at han var vorte arrestert. Det var pa grunnlag av denne saka at Court of Criminal Appeal (
Ankedomstolen for kriminalsaker
) vart skipa i
1907
.
Den andre saka gjaldt Oscar Slater, ein tysk
jøde
og spelar som var dømd for a ha plyndra ei 82 ar gammal dame i
1908
. Det som var uklart og motseiande i prosedyrane, pirra forvitenskapen til Doyle og gav han mistanke at Slater var tiltala pa falskt grunnlag. Bade Edalji og Slater vart sett fri mellom anna som resultat av Conan Doyles arbeid for dei.
Mot slutten av livet vart Conan Doyle interessert i
spiritisme
(trua pa det overnaturlege) og skreiv romanen
The Land of Mist
(
Takens land
) om dette emnet. Han trudde dessutan pa
alvar
, og skreiv boka
The Coming of the Fairies
(1921). Det gar fram at han trudde at dei sakalla
Cottingley-bileta
, som han trykte i boka, var ekte. Cottingley-bileta vart avslørte som falsum etter at Doyle var død.
Ei av novellesamlingane til Doyle,
The Adventures of Sherlock Holmes
, vart forbodne i
Sovjetunionen
i 1929 fordi styresmaktene meinte ho inneheldt
okkultisme
. Forbodet vart seinare heva.
Doyle var i tid ven med den amerikanske tryllekunstnaren
Harry Houdini
som var ein framstaande motstandar av spiritistrørsla og avslørte spiritistiske medium som bløffmakarar. Doyle trudde at Houdini sjølv matte ha overnaturlege krefter, og skreiv om det i boka
The Edge of the Unknown
('Pa kanten av det ukjente'). Houdini greidde ikkje a overbevise Doyle om at han berre brukte triks.
Arthur Conan Doyle døydde i
Crowborough
i
England
og er gravlagd pa kyrkjegarden Minstead i
New Forest
i
Hampshire
.
Det er reist ei statue av han ved Crowborough Cross i
Crowborough
i
East Sussex
, der Sir Arthur budde i 23 ar. Det er og ei statue av Sherlock Holmes i
Picardy Place
i Edinburgh, rett ved huset der Conan Doyle vart fødd.
Sherlock Holmes-historiene:
- A Study in Scarlet
(
1887
)
- The Sign of Four
(
1890
)
- The Adventures of Sherlock Holmes
(
1892
)
- The Memoirs of Sherlock Holmes
(
1894
)
- The Hound of the Baskervilles
(
1902
)
- The Return of Sherlock Holmes
(
1904
)
- The Valley of Fear
(
1914
)
- His Last Bow
(
1917
)
- The Case Book of Sherlock Holmes
(
1927
)
Professor Challenger-historiene:
- The Lost World
(
1912
)
- The Poison Belt
(
1913
)
- The Land of Mists
(
1926
)
- The Disintegration Machine
(
1927
)
- When the World Screamed
(
1928
)
Historiske romanar:
- The White Company
(
1891
)
- Micah Clarke
(
1888
)
- The Great Shadow
(
1892
)
- The Refugees
(
1893
)
- Uncle Bernac
(
1897
)
- Sir Nigel
(
1906
)
Andre verk:
- Mystery of Cloomber
(
1889
)
- The Captain of the Polestar, and other tales
(
1890
)
- The Doings Of Raffles Haw
(
1891
)
- Beyond the City
(
1892
)
- Round The Red Lamp
(
1894
)
- The Parasite
(
1894
)
- The Stark Munro Letters
(
1895
)
- Rodney Stone
(
1896
)
- Songs of Action
(
1898
)
- The Tragedy of The Korosko
(
1898
)
- A Duet
(
1899
)
- The Great Boer War
(
1900
)
- The Exploits of Brigadier Gerard
(
1903
)
- Through the Magic Door
(
1907
)
- The Crime of the Congo
(
1909
)
- The New Revelation
(
1918
)
- The Vital Message
(
1919
)
- Tales of Terror & Mystery
(
1923
)
- The History of Spiritualism
(
1926
)